Barn i barnehagen skal få eit tilbod av høg kvalitet, uavhengig av kva barnehage barnet går i.
Barnehagelova pålegg kommunen å føre tilsyn. Kommunen skal kontrollere at lovkrava blir følgde opp. Kommunen skal ha innsyn i kva som skjer i barnehagane.
Kommunen er lokal barnehagestyresmakt og skal gi rettleiing og sjå til at barnehagane blir drivne i samsvar med regelverket.
Tilsynsbesøk kan vere varsla på førehand eller ikkje varsla om.
Med heimel i barnehagelova § 16 kan kommunen gi pålegg om retting av uforsvarlege eller ulovlege forhold. Kommunen kan vedta stenging av barnehagen.
Sist endra03.12.2020 10.49