Samarbeid mellom barnehage og heim eller andre samarbeidspartar, det pedagogiske innhaldet og eit utrygt barnehagemiljø.
Her er nokre døme på tema som kan vere bakgrunn for klage:
- uheldig samspel mellom barn
- barn som over tid ikkje deltek i leik
- vanskeleg samarbeid med barnehagen
- manglande informasjon om barnet ditt
- manglande pedagogisk innhald
Barn sin manglande høve til å påverke barnehagekvardagen sin
lite utfordrande og stimulerande leike- og læringsmiljø både ute og inne
stor utskifting av personalet over tid
Det er oppgåva til barnehagen å vareta alle barns behov for omsorg, leik, læring og danning i samarbeid med heimen til barnet. Personalet i barnehagen skal møte barn og foreldre med tillit og respekt. Personalet skal bidra til trivsel og glede i leik og læring, og barnehagen skal vere ein utfordrande og trygg stad for vennskap og felleskap.