Vald i nære relasjonar

Vald i nære relasjonar kan forklarast som alle former for vald eller trugslar om vald frå ein nærståande person. Dette kan ramme alle, uavhengig av alder, kjønn, etnisitet og religion.

Illustrasjon av jente bak eit gitter - Klikk for stort bilete Krisesenteret

Kva gjer du ved mistanke om vald i nære relasjonar?

  • Kva gjer du som tilsett, kollega eller venn ved mistanke om vald i nære relasjonar mellom vaksne?
  • Kva gjer du som jobbar med barn, er offentleg tilsett, eller nabo om du mistenker at eit barn er vitne til vald eller blir utsatt for vald eller overgrep?

Om du mistenker at nokon er utsette for vald, skal du melde dette vidare. Du kan gjere ein forskjell. På nettsida til Krisesenter for Sunnmøre finn du informasjon om kva du bør gjere og kva du skal sjå etter.

Tilsette i offentleg verksemd og private barnehagar/skular må handle om dei får mistanke om at eit barn eller ein ungdom blir utsett for vald eller overgrep. På nettsida til krisesenteret kan du sjå retningslinjene for kven som gjer kva, illustrert i eit flytskjema.

Er du utsatt for vald eller overgrep heime?

Du som opplever fysisk og psykisk vald eller truslar frå ein annan som står deg nær, kan få gratis hjelp på krisesenteret.

Krisetelefon:  70 16 33 33 eller 94 53 99 45

Ved seksuelle overgrep og vald i nære relasjonar, ta kontakt med Overgrepsmottaket,  tlf 116 117.

Familievernkontoret Sunnmøre tilbyr samtaleterapi, rettleiing og kurs.

Statens barnehus er eit tverrfagleg kompetansehus med tilbod til barn og unge ved mistanke om at dei kan ha vore utsette for, eller vore vitne til, vald eller seksuelle overgrep. Målgruppa omfattar òg vaksne med ein utviklingshemming.

Utøver du vald?

Det er fleire verksemder som arbeidar særskilt med å tilby spesialisert hjelp til utøvarar av vald i nære relasjonar.

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar

Kommuna har eit særleg ansvar for å førebyggje, avdekke og avverje vald og overgrep. Dette krev ei samordning av tenester og samarbeid på tvers av etatar. Kommunane på Sunnmøre har utarbeidet en fagplan som tek utgangspunkt i nasjonale føringar. Denne gir felles retning for arbeidet mot vald i nære relasjonar på Sunnmøre.

Sjå handlingsplan mot vald i nære relasjonar 2021 – 2025 (PDF, 3 MB).

I denne planen har dei også laga nokre handlingskort, som gir råd til korleis ein skal gå fram i ulike situasjonar som:

  • Kva gjer du som tilsett, kollega eller venn ved mistanke om vald i nære relasjonar mellom vaksne?
  • Kva gjer du som jobbar med barn, er offentleg tilsett, eller nabo om du mistenker at eit barn er vitne til vald eller blir utsett for vald eller overgrep?
  • Kva gjer du som er tilsett i offentleg verksemd eller i private barnehagar/skular om du mistenker at eit barn eller ein ungdom blir utsett for vald eller overgrep?

Desse handlingskorta kan ein sjå på nettsida til Krisesenter for Sunnmøre. Dei er også utforma som brosjyrar, som skal plasserast ut på mellom anna legekontor.

Ansvarleg for tenesta