Sjef i mitt liv - Gruppetilbod til ungdom

Tilbodet er til deg som ønskjer å få meir innsikt i eigne følelsar og reaksjonar. Sjef i mitt liv er eit gruppetilbod til ungdom på ungdomsskule og vidaregåande skule. Disse to gruppene arrangeres vår og høst. Det er mogleg å sette seg på venteliste ved å søke til Familiestøtte.

Mål: 

  • styrke meistringsevne 
  • styrke psykisk helse 
  • førebyggje fråfall frå skolen 

I gruppa øver de på å: 

  • betre forstå eigne og andre sine følelsar 
  • opparbeida strategiar for å kunne meistre kvardagen og vanskelege situasjonar
  • bli tryggare på deg sjølv

Praktisk informasjon

  • Talet på samlingar: 8 gonger. Ein gong per veke som varer 1,5 time. 
  • Talet på deltakarar:  ca. 8 stk.
  • Stad: Moa helsehus og/ eller Elegantegaarden, 2. etasje, Borgundfjordvegen 116.
  • Gruppeleiarar:  Simon, Hilde og Ragnhild
  • Vi vil ha forsamtalar med potensielle gruppedeltakarar med moglegheit til å sjå lokala vi skal vere i.

Påmelding

Send søknad til Familiestøtte .

Ta kontakt med gruppeleiarane for meir informasjon: 

Ansvarleg for tenesta

 

Ansvarleg for tenesta