Sjef i mitt liv - Gruppetilbod til ungdom
Tilbodet er til deg som ønskjer å få meir innsikt i eigne følelsar og reaksjonar. Sjef i mitt liv er eit gruppetilbod til ungdom på ungdomsskule og vidaregåande skule. Disse to gruppene arrangeres vår og høst. Det er mogleg å sette seg på venteliste ved å søke til Familiestøtte.

Mål:
- Styrke meistringsevne
- Styrke psykisk helse
- Førebyggje fråfall frå skolen
I gruppa øver de på å:
- Betre forstå eigne og andre sine følelsar
- Opparbeida strategiar for å kunne meistre kvardagen og vanskelege situasjonar
- Bli tryggare på deg sjølv
Praktisk informasjon
- Talet på samlingar: 8 gonger. Ein gong per veke som varer 1,5 time.
- Talet på deltakarar: ca. 8 stk.
- Stad: Moa helsehus og/ eller Elegantegaarden, 2. etasje, Borgundfjordvegen 116.
- Gruppeleiarar: Simon, Hilde og Ragnhild
- Vi vil ha forsamtalar med potensielle gruppedeltakarar med moglegheit til å sjå lokala vi skal vere i.
Påmelding
Send søknad til Familiestøtte .
Ta kontakt med gruppeleiarane for meir informasjon:
Sist endra 12.02.2026 10.52