Familiestøtte

Har de som familie behov for råd og rettleiing? Treng de som føresette hjelp i samhandlinga med barnet? Har du som ungdom behov for nokon å snakka med?

Familiestøtte er ei teneste for barn og unge frå 0- 18 år og deira familiar.

Ofte hjelper vi barn, gjennom deira viktige vaksne. Vi ønskjer å gi rett hjelp, til rett tid og hjelp som nyttar. Målet er at vi saman finn vegar som kan bidra til endring.

Vi kan samarbeide med andre instansar som arbeider med barn og unge, til dømes barnehagar/skular, helsesjukepleiarar, barneverntenesta, PPT, BUP og fastlegar.

Vi i familiestøtte har brei kompetanse og erfaring knytt til ulike utfordringar for barn, unge og familiar.  Alle som arbeider i familiestøtte har teieplikt. Ungdom over 16 år bestemmer sjølv om dei ønskjer at føresette skal vere med til samtale.

Hovudregelen er at familiestøtte er inne i ein avgrensa periode. 

Kva tilbyr vi?

Vi har tilbod retta mot kommunikasjon, relasjonar, psykisk helse hos barn og unge, eller andre problemstillingar ein står i. 

Vi gir støtte, råd og veiledning gjennom:

  • Samtale- eller rettleiingstilbod tilpassa kvart enkelt barn/ungdom/familie sitt behov.
  • Ulike gruppetilbod for barn og unge.
  • Grupper/kurstilbod for føresette om kommunikasjon og samspel.
  • Hjelp til å lose til andre instansar, dersom det er ønskeleg eller nødvendig.

Vi har taushetsplikt. 

Drop-in

Drop-in er eit tilbod for deg som ønskjer generelle råd eller rettleiing i foreldrerolla. Samtalane kan til dømes handle om utfordringar knytt til samspel, rutinar, grensesetting eller handtering av vanskelege kjensler. Du vil bli lytta til og kanskje få nokre nye perspektiv og verktøy med på vegen.

Dette er eit lågterskeltilbod og du treng ikkje kontakte oss før du kjem.

Samtaletilbodet er gratis og krev inga tilvising. Vi set av 30 -45 minutt til ein samtale og du kan komme tilbake fleire gonger om du ønskjer.

  • Kvar fredag frå kl. 9.00 - 11.00. Juleferiestengt 27.12 og 03.01.25.
  • Hos Familiestøttande tenester i Elegantegaarden

Tiltak

Kurs

Vi har ulike kurstilbod i grupper for barn, ungdom og foreldre/føresette som vi tilbyr fleire gonger kvart år. Informasjon om dei ulike kurstilboda finn du i lenkjene nedanfor. Tidspunkt for kursa kan variere i hyppigheit og lengd, men dei fleste blir gjennomførte ein gong kvart halvår. 

 

Familiestøtte-kurs
Kurs Oppstart
Sjef i mitt liv – gruppetilbod for ungdom Ny dato kommer senere.
ICDP - gruppekurs for foreldre Januar 2025
Foreldrerettleiingsprogrammet “Tuning in to teens” Ny dato kommer senere.

Pris

Tilbodet hos oss er gratis og frivillig.

Korleis få tilbodet?

Foreldre og ungdom over 16 år kan sjølv ta kontakt med oss. Andre instansar som er i kontakt med barnet, ungdommen eller familien kan også søkja i samråd med de det gjeld. 

Søk om familiestøttande tenester 

Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet, så kan du fylle ut papirsøknad for familiestøttande tenester (PDF, 187 kB) og sende det i posten til Familiestøttande teneste, Postboks 1521, 6025 Ålesund. Vi vil ta kontakt når vi har motteke søknaden.

Du kan også kontakte oss i Familiestøtte på telefon.

Sjå også

Ansvarleg for tenesta