Autisme ungdomsgruppe

Er du mellom 14 - 18 og har ei diagnose i autismespekteret? Då er du velkomen til dette gruppetilbodet. 

Ungdommer i en sirkel som holder hendene sammen i midten. - Klikk for stort bilete Shutterstock

Dette er et tilbod for ungdom i alderen 14-18 år som bor i Ålesund kommune og som har diagnose på autismespekteret. Til dømes Aspergers syndrom eller uspesifisert, gjennomgripande utviklingsforstyrring, såkalla “høgtfungerande” autisme.

Gruppa skal møtast sju gonger. Målet er at deltakarane skal lære meir om autisme, om seg sjølv og måter dei kan handtere utfordringane sine og bruke styrkane sine på. Eit anna viktig mål er at det skal vere ein hyggeleg og trygg møteplass, der ein kan treffe andre ungdommar som har det litt på same måte som ein sjølv. 

Vi skal i tillegg halde to foreldresamlingar der foreldre kan bli kjende med kvarandre, diskutere aktuelle tema, utveksle nyttig informasjon og få rettleiing.

Praktisk informasjon

  • Det er gratis å delta
  • Kvar samling varer i 1,5 timar, kl. 14-15.30
  • Program for samlingane:
    • 14.00-14.45: Tema for dagen
    • 14.45-15.25: Snacks og felles aktivitetar (Hei- spelet, Hangman, Kahoot, brettspel)
    • 15.25-15.30: Informasjon om neste samling og avslutning
  • Stad: Moa helsehus, møterom øst i 1. etasje
  • Tal på plassar: 6 stk.
  • Påmeldingsfrist: Kommer høsten 2025.

Datoar for våren 2025:

  • Torsdag 8. mai. Dagens tema: Sånn er eg. Mine interesser og hobbyar. Me blir kjende med kvarandre.
  • Torsdag 15. mai. Dagens tema: Autisme. Kort gjennomgang av diagnosekriterier. Kva kan vere vanskeleg når ein har autisme og kva styrkar er det i den diagnosen?
  • Torsdag 22. mai. Dagens tema: Stress. Toleransevindauget og stressmodellen. Korleis handtere stress og sterke følelser.
  • Onsdag 28. mai. Dagens tema: Skule.
  • Torsdag 5. juni: Dagens tema: Relasjonar. Det sosiale samspelet. Endringar i ungdomstida.
  • Torsdag 12. juni. Dagens tema: Relasjonar. Det sosiale samspelet.
  • Torsdag 19. juni. Dagens tema: Valfritt.

 

Gruppeleiarar er Karolina Debska, psykolog ved Familiestøttande tenester og Sonja Sætre, sjukepleiar ved Familiestøttande tenester.

Gruppeleiarane skal gjennomføre ein individuell samtale med alle deltakarane og foreldra deira før oppstart av gruppa. Dette for å bli kjend med kvarandre og staden (lokalet), samt for å vurdere om tilbodet passar for ungdommen.

Deltakarane bestemmer sjølv kor mykje dei ønskjer å snakke eller delta i gruppa. Det er greit å vere stille og ikkje komme med spørsmål eller kommentarar. 

Dersom du/ dykk ikkje allereie har kontakt med oss, ber vi om at dykk fyller ut og sender oss ein søknad. 

 Søknad om familiestøtte

Du kan og sende ein søknad på papir (PDF, 625 kB) og sende det i posten til Familiestøttande teneste, Postboks 1521, 6025 Ålesund. Vi vil ta kontakt når vi har motteke søknaden.