Har de eit barn med kognitive funksjonsnedsetjingar, utviklingshemming, autisme, ADHD eller liknande? Opplever de utfordringar i kvardagen som de ønskjer hjelp til å betre? Familien kan få heimebasert rettleiing tilpassa behovet dykkar.
Vi i rettleiande team kan hjelpe familien deira med å handtere utfordringar i kvardagen.
Teamet består av tre fagpersonar med brei kompetanse innanfor funksjonsnedsetjingar og nevroutviklingsforstyrringar.
Vi kjem heim til dykk for å bli kjende med deira situasjon. Vi gir rettleiing og støtte for å fremje godt samspel, kommunikasjon og positiv utvikling i åtferd. Målet er å styrkje livskvaliteten til familien.
Dette kan de få hjelp til
- Samtalar og rettleiing tilpassa behovet til familien.
- Observasjon av barnet både heime og i barnehage/skule.
- Kartlegging og rettleiing i spesifikke situasjonar som til dømes måltid, legging og overgangar.
- Forklaring av diagnosen og samtalar om forventningar rundt barnet.
- Hjelp til å forstå utfordringane til barnet.
- Samtalar om sorg.
- Igangsetjing av praktiske tiltak.
- Støtte til å etablere gode rutinar.
- Hjelpe dykk med å lære barnet ein effektiv måte å kommunisere på.
- Avklaring av samarbeid med involverte partar.
- Hjelp til å finne rett type teneste dersom det er utanfor vårt område.
- Hjelp med andre utfordringar i kvardagen.
Pris
Tilbodet er gratis.
Søk
Slik søkjer du om helse- og omsorgstenester
Det er Koordinering og tildeling som behandlar søknaden.