Statens vegvesen
Meld deg på SMS-varsling for sprengingsarbeidet for Lerstadtunnelen her.
Arbeidet med å sprenge mindre salver i området ved tunnelopninga startar neste veke. Den første salven er planlagt tysdag 19. mars. Etter kvart startar vi med sprenginga av sjølve tunnelen. Les meir om tunnelarbeidet her.
Sprengningsarbeidet
Sprengingsarbeidet vil i hovudsak vere mellom kl. 07.00 og 20.00, men unntaksvis vil støyande arbeider kunne førekome fram til kl. 23.00.
Det er viktig å holde avstand og følge instruks frå vaktpostar under sprenging. Det er ingen tilgang for uvedkommande inn på anleggsområdet.
SMS-varsling
Dersom du ønsker å bli varsla på SMS i forkant av kvar sprenging kan du melde deg på SMS-varslinga. Vi har delt opp varslinga i to områder, og du kan dermed velje om du vil ha SMS ved sprenging i Breivika eller på Lerstad. Dei som bur omtrent midt på tunnelen kan ha nytte av varsling for begge områda.
NCC
SMS-varsel blir sendt ut ca. 30 minutt før sprenging. På Lerstad og i Breivika blir det i tillegg varsla med sirene i forkant av sprenging utanfor tunnelen.
Det er enkelt å melde seg av varslinga dersom du finn ut at du ikkje treng det lengre. Det gjer du på same side.
Meld deg på SMS-varsling for sprengingsarbeidet for Lerstadtunnelen her.