Verdas miljødag 2025: Stopp plastforureining!

5. juni er Ålesund bibliotek vertskap for arrangementet Verdas miljødag, i samarbeid med ei rekke organisasjonar og private og offentlege verksemder.

Oversiktsbilde over kvinner som syr med symaskiner - Klikk for stort bilete

FN har markert Verdas miljødag i over 50 år. I 2025 er temaet «Stopp plastforureining», noko som engasjerer mange i kystbyen Ålesund. Det vert ein innhaldsrik dag i biblioteket med syverkstad, stands, premieutdeling og panelsamtale.

Konkurranse, syverkstad og inspirasjon

Syverkstaden er ein del av Ålesund bibliotek sitt Prosjekt Tøypose. Målet er å sy stoffnett som biblioteket kan låne ut saman med bøkene, slik at vi reduserer bruken av plastposar. Dette er eit prosjekt som er initiert av kunstnaren Elisabeth Hatlehol Sairosi, som har hatt kunstnarpraksis på Ålesund bibliotek frå 2023.

Eit sentralt punkt på programmet blir panelsamtalen der dei ulike organisasjonane fortel om korleis dei arbeider med problematikken rundt marin forsøpling, og diskuterer kva vi kan gjere for å redusere plastforureining i havet. I tillegg vil du kunne treffe dei ulike verksemdene på stands i biblioteket.

I forkant av Miljødagen har Ålesund bibliotek utlyst ein kreativ konkurranse for barn i barneskulealder. Oppgåva går ut på å illustrere, gjennom eit kunstnarleg/kreativt produkt, korleis menneske kan førebygge og redusere plastforureining i naturen. Vinnaren blir kunngjort på arrangementet, og får, i tillegg til premie, heider og ære, moglegheiten til å ta selfie med sjølvaste ordføraren!

Plan for dagen

16.00: Stands frå ulike organisasjonar i vaksenavdelinga.
16.00: Syverkstad der vi lagar tøyposar for å redusere bruken av plastposar i biblioteket.
17.45: Ordføreren kårer ein vinnar av barnekonkurransen i barneavdelinga.
18.00: Panelsamtale om marin forsøpling.
19.00 Syverkstad fortsetter til 20.00.

Arrangementet er eit samarbeid med Plastfritt hav, RECLAIM-prosjektet, Nordic Wildfish, NTNU, Sunnmøre Friluftsråd og Ålesund kommune.