Det blir rutinemessig og i tråd med lovverk tatt vekentlege prøver frå fleire stader på vassforsynings-nettet.
Prøvene frå forrige veke (veke 34) var utan funn.
Ei av prøvene som vart tatt mandag denne veka viste intestinale enterokokkar. Dette er ein bakterie som normalt trivast i tarmflora til dyr og menneske, og kan gi ein indikasjon på forureining av drikkevatn. Prøva viste fem bakteriar per 100 milliliter vatn. Kravet til tal på denne type bakterien er null.
På ei av dei andre prøvene tatt på mandag vart det oppdaga ein – 1 – koliform bakterie. Dette er ein bakterie som utgjer lav risiko for sjukdom. Ved funn av koliforme bakterier skal det takast oppfølgingsprøve. Oppfølgingsprøva med prøveresultatet torsdag 28.08. viser ingen funn av koliforme bakteriar på prøvestaden. Det er ikkje krav til andre tiltak dersom oppfølgingsprøva er utan funn.
Kommunen undersøker
Det er uråd å vite kva tid bakteriane kom inn i vatnet i løpet av perioden frå det vart tatt prøver med godkjent resultat mandag forrige veke til mandag denne veka. Kommunen er i gang med å undersøke moglege forureiningskjelder og vurderer flere moglege scenario.
Må ha godkjente prøver to dagar på rad
Det vert no tatt daglege oppfølgingsprøver på fleire stader på vassforsyningsnettet i det berørte området Nørvøya, Aspøya og Hessøya inntil situasjonen er normalisert.
Det må vere godkjente prøver to dagar på rad før kokevarselet blir oppheva.
Fordi det tek tid å få fram resultat av prøvene på laboratoriet, tek det også tid før innbyggarane kan få resultatet. Det tar minst 48 timer å å få prøvene analysert. Når resultata er klare, vert resultata sendt frå laboratoriet til kommunen.
I tillegg har kommunen bestilt analyse for å prøve å stadfeste om forureininga kjem kommer frå dyr eller menneske. Vi ventar no på prøveresultat som vil vise om bakteriane kjem frå menneske eller dyr, og kan ikkje seie noko om det før resultata kjem.
Fortsatt kokevarsel
Det er sendt kokevarsel og anbefaling om å koke vatnet til Nørvøya, Aspøya og Hessa (i tillegg til at det er også er sendt varsel frå Giske kommune til Valderøy og Vigra).
Meir om kokevarsel her