Kok vatnet du skal drikke og bruke til matlaging.
Du får tips til korleis du skal handtere eit kokevarsel her:
Råd ved kokeanbefaling - Ålesund kommune
Meldingane er sendt ut i dette området.Kokevarsel er eit føre-var-tiltak som gjeld til ny melding blir gitt.
Varselet gjeld vatn som kan gå til å forsyne Nørvøya, Aspøya og Hessa og delar av Giske kommune og meldinga gjeld difor dette området.
Spyling og prøver
Det vart sett i gang arbeid med å stenge ventilar i vassforsyninga straks bakteriane vart oppdaga.
Bakteriane er intestinale enterokokkar.
Natt til torsdag var ei rekke spylelag ut og spylte leidningane i området. Du kan også oppleve litt misfarga vatn etter spylinga. Då er det berre å la det renne kaldt vatn til det klart igjen.
Etter spyling blir det tatt fleire prøver på leidningsnettet som ein del av at det skal takast prøver frå ei rekke stader framover. Kjelda til forureininga er ikkje kjent.
Det blir tatt prøver kvar dag fram til ein har godkjente prøveresultat frå to dagar på rad. Det tek to dagar å få prøvesvar. Dermed er laurdag det tidlegaste kokerådet kan bli oppheva.
Roleg
Kommuneoverlege Alexander Wiig seier publikum ser ut til å ta meldinga om kokevarsel bra, og at folk forstår at kokevarselet er eit føre-var-tiltak som vert sett i verk for å unngå sjukdom.
Kommuneoverlegen har per torsdag føremiddag ikkje mottatt henvendelsar om sjukdom som sikkert kan knytast til denne hendinga.
Fekk du ikkje sms-melding?
Bur du i området med kokevarsel og ikkje fekk sms-varsling på mobiltelefonen din?
Systemet som kommune-Norge bruker bygger på kva adresse som er knytt til telefonabonnementet ditt. Har du jobbtelefon, så får du varsel der arbeidsplassen din held til.
Vil du ha varsel som gjeld heimeadresse og ikkje berre telefonabonnement-adresse, så legg du det enkelt til her på www.varslemeg.no