-Veldig viktig å høyre erfaringar frå Ålesund

Det å møte medlemmane, dele og høyre erfaringar om korleis dei har hatt det under koronasituasjonen, er svært viktig for oss. Det har vore ein heilt ekstraordinær situasjon. Men det er også viktig å få høyre korleis ein normalsituasjon er. Det sa forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen i Norsk Sykepleierforbund då ho gjesta Ålesund.

Bilde av sjukepleiarforbundet og folk frå kommunen  - Klikk for stort bileteFra venstre: Brit Steinnes Krøvel, Line Volstad Melbye, Merete Brungot Kløvning, Grete Iren Myklebust Gjesdal, forbundsleder i NSF Lill Sverresdatter Larsen, Ann Cathrin Nyhammer, Fylkesleder NSF Møre og Romsdal Ståle E Ræstad, Martha Trones, NSF 2. Nesteleder Silje Naustvik, NSF 3.nestleder Kai-Øivind Brenden.

   

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

Representantar frå sjukepleiarane i Ålesund fekk møte forbundsleiinga på Scandic Parken. Med god og anbefalt «korona-avstand» mellom møtedeltakarane fekk representantane frå Norsk Sykepleierforbund høyre korleis kommunen arbeider på fleire områder innan helse- og omsorgstenesta.

Orienteringa vi fekk var kjempefin. Eg er kjend med temafelta frå før, men det å få informasjon om prosjekta som det vert arbeid med her, er noko vil lar oss inspisere av, og som vi tar med oss vidare og deler med andre tillitsvalde og medlemmar. Derfor er slike møter av stor verdi, sa Larsen.

 -Men det er òg viktig å høyre kva våre medlemmar treng frå oss i Sykepleierforbundet. Korleis kan eg og forbundet gjere jobbane våre om vi ikkje veit kva som skjer der ute? spør Larsen seg. 

 

Forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen i Norsk Sykepleierforbund

  Også for kommunen er det svært viktig med slike møter. 

 

At forbundsleiinga møter oss medlemmer ute i distrikta betyr mykje. Dei får sett og høyrd om ulike problemstillingar. Dei får sjå kva som fungerar og dei ulike utfordringane vi har, seier Martha trones som er hovudtillitsvald for Sykepleiarane i Ålesund kommune. 

Denne gangen førte pandemien til at berre nokre få utvalde fekk møte forbundsleiinga. 

Hadde vi ikkje vore i ein pandemisituasjon,  ville vi invitert til eit stort medlemsmøte for alle våre tydelege, modige og stolte medlemmer. No måtte vi velge ut nokre av juvelane våre som skulle få treffe leiinga, seier Trones.

Frå Ålesund kommune møtte Brit Krøvel. Ho orienterte om USHT, velferdsteknologi, Proact og Digital kommunikasjon under korona.

Line Melby orienterte om helsestasjonstjenestene og det ekstraordinære arbeidet med teststasjon, koronatelefon og koronaepost frå 12. mars.

Merete Kløvning informerte om funksjonen «Pårørendekoordinator» og Grete Myklebust Gjesdal fortalte om palliasjon og arbeidet med palliativ plan og arbeidet som kreftkoordinator i den nye kommunen. 

 

Ålesund kommune har ein spesiell fokus på FNs berekraftsmål i juni saman med fleire andre kommunar i landet. Målet er å vise at berekraftsmåla er ein del av kvardagen vår.