Løyvet er gitt til Sula kommune og gjeld transport, reinsing og utslepp av avløpsvatn. Løyvet regulerer reinsing og utslepp til vatn, luft, støy og overvaking av resipienten. Det er stilt krav til målingar av utslepp og rapportering til forureiningsmyndigheitene..
Meir informasjon og sjølve utsleppsløyvet finn du på heimesida til Sula kommune.
Ålesund kommune jobbar med å sette seg inn i vilkåra for løyvet, vi vil kome med meir informasjon om kva dette betyr for byggesøknadar og tilknyting til kommunale avløpsanlegg etter sommarferien.