Ut av boksen og inn i framtida

Personar som har gruppearbeid.  - Klikk for stort bileteUtopiverkstad, gruppearbeid. Torill Myren

Skal ein forbetre både kommunen og verda, så må ein tenke nytt og gjere ting annleis. KLP og Ålesund inviterte til Utopiverkstad for representantar i råd, kommunedelsutval og kommuneadministrasjon.

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

 

Ung person smiler til kamera - Klikk for stort bileteJulie Pater frå Ungdomsrådet Torill Myren  

- Dette vart lærerikt, ikkje minst det at det er heilt greitt å tenke litt urealistisk, oppsummerte Julia Pater frå ungdomsrådet.

Professor i økologisk økonomi ved Nord Universitetet, Ove Jakobsen, innleia med ein vitskapleg og historisk bakgrunn for kvifor det er smart å tenke ut av boksen og på tvers av både siloar og gjengs oppfatning.  

 

Mann foran tv som presenterer - Klikk for stort bileteProfessor i økologisk økonomi ved Nord Universitetet, Ove Jakobsen Torill Myren   

- Skal vi gjere noko innanfor den grøne økonomien vi snakkar om i dag, innanfor den etablerte måten å tenke på, så blir det berre å dempe symptoma. All ny kunnskap, alle gjennombrot i forsking kjem frå personar som stiller spørsmål ved det etablerte.

Han viste også til Ruth Levitas, ein britisk professor som har utopi som spesialitet som har sagt at «Utopi er ikkje umogleg. Det som verkeleg er umogleg, er å halde fram som i dag».

Det gode liv

Derifrå var vegen kort til å utfordre deltakarane til å gå frå å meine noko om korleis ein trur framtida vil bli til å seie noko om korleis ein VIL at framtida skal bli. Og for å legge grunnlaget for framtidsplanane måtte deltakarane gi eksempel på kva som er det gode liv i deira lokalsamfunn i dag.

 

  • Kvar tirsdag kl 18. Barn som skaper musikk i lag. Ein stad alle får vere med.
  • Å kome på Sukkertoppen, sveitt og god og sjå utover sjøen
  • Å vere frivilleg på musikkfestival, få tilby konsertar til   publikum og sjå lykkelege menneske gå ut av salen etterpå.
  • Innbyggarar som engasjerte seg i sak om vassbehandlingsanlegg, var i lag.
  • Tunnel som sto ferdig, alle flagga, kosa seg i lag og feira
  • Aktivitetsleiar i gratistilbod for barn, alle hadde det kjempegøy
  • Å bli kjent med innvandrarmiljøet og fortsatt etter mange år helsar dei på meg, seier namnet mitt, og det gir ein god følelse av tilhøyrigheit – for meg.
  • Å kunne tappe eit glas frisk, kaldt vatn frå springen.
  • Ungdomsskulelærarar som legg til rette for open dialog, der aldri noko er feil å seie, alltid ein god tone.
  • Skitur med barnebarna på ein av dei sjeldne snødagane, bollar og kakao.
  • Kvar torsdag på Vibes, alle glade, smiler, har det gøy.
  • Løpe på fjellet i lag med naboar og vener
  • Grønt nivå på skulane, få krysse grensene, alle kunne få vere saman med kvarandre i leiken i friminutta.
  • Når vi heiv oss rundt i uvante minusgrader og fekk laga skøytebane, alle som kosa seg der
  • Æra skal gå til Reidun Klock Tjervåg som har tatt initiativet, men gleda vi får oppleve på aldersheimen over festar med trekkspel, historieforteljingar og dans.

    Eksempla på det gode liv i lokalmiljøa sto i kø, men kva var felles for dei? Deltakarane måtte ut i fleire runder med å gjenkjenne og sile ut variablane. Til slutt sto ein igjen med:
  • Handlekraft
  • Respekt
  • Tryggheit
  • Samhald

Korleis skal framtida bli?

 

Personar sit i ring medan ein presenterer.  - Klikk for stort bileteGruppebilete av deltakarane Torill Myren

 

Utopiverkstaden baud på både inspirasjon og metode for å utvikle lokalsamfunn. Etter straumen av gode opplevingar og utpeiking av viktige element for ting for det gode liv gjekk bestillinga vidare inn på kva ein kan gjere for å skape meir av det gode liv i framtida.

Igjen så var det ikkje ideane det mangla på. Turstiar, møteplassar og samkøyring, mental helse for ungdom, aktivitetsklubb og bobilparkering. Med myldring og samtalar vart ideane samordna, forbetra og utvikla. Plutseleg greip det eine tursti-prosjektet det andre i halen og det var gjennomgåande tursti i staden for lause endar her og der. 

Vi bestemmer framtida

Malin Piegsa, kommunalsjef for kultur og medborgarskap, gleda seg over engasjementet og måten det vart arbeida på.

 

Kvinne smiler mot kamera.  - Klikk for stort bileteKommunalsjef for kultur og medborgarskap, Malin Piegsa

-  Heilt sidan før kommunesamanslåinga, har vi snakka om at vi begynne å jobbe på andre måtar. Her får vi ein gavepakke frå KLP med metodikk som også kan gi oss tempo og kortare veg frå ord til handling. Og med eit slikt engasjement som vi ser her, så vil vi nå mykje lenger. 

Varaordførar Vebjørn Krogsæter avslutta med takk for engasjement og forsikringar om at det ikkje treng vere langt frå folkeleg engasjement til å få kommuneadministrasjonen med på laget. 

-  Vi treng idear skal vi skape gode lokalsamfunn, og det skal vi. Det er vi som bestemmer framtida.