Tospråklege lærarar i Ålesund først ut med nynorsk-pilot!   

Dei tospråklege lærarane  i Ålesund kommune har sidan hausten 2021 hatt intensiv opplæring i nynorsk. Den 9. mars var den siste dagen med kurs på nynorsk-piloten og samlinga var på Aasentunet.

– Ei livleg og engasjert gruppe, seier kurshaldar Jan Olav Fretland.

Kurset handlar om å auke kompetansen på nynorsk, òg gje dei ei opplæring i nynorsk for å kunne kommunisere betre. 16 tospråklege lærarar frå 11 ulike nasjonar har sidan hausten 2021 vore med på fire digitale og to fysiske samlingar med kurshaldar Jan Olav Fretland. I kursa har lært om og øvd på dei grunnleggjande trekka i nynorsk.  

– Dei aller fleste tospråklege lærarane har aldri hatt nynorskundervisning, og dei set veldig stor pris på dette kurstilbodet. Jan Olav Fretland har gjort ein flott jobb med tilpassa opplegg og godt humør. Det har vore stor motivasjon hos deltakarane og dei har lært mykje på alle samlingane, seier Judith Damm, fagleiar for tospråklege lærarar i Ålesund kommune.   

Oppstilte personar ser mot kamera - Klikk for stort bileteKursdeltakarane frå Ålesund. Fanny A. Syversen

 Denne siste samlinga fekk alle tospråklege lærarane delta: 

-Til denne avslutninga av nynorsk-piloten har vi invitert alle dei tospråklege lærarane, 16 deltakarar har vore på kurs, men vi har over 30 lærarar. Dei var nysgjerrige på korleis det er å lære nynorsk og om det er vanskeleg.  Det var derfor hyggeleg å invitere med fleire i dag, og opne opp for at fleire tilnærma seg språket, seier Judith Damm. 

Besøk på Aasentunet

På denne siste samlinga på Aasentunet fekk deltakarane omvising og lære meir om Ivar Aasen og livet hans.  Deltakarane lærte meir om det nynorske språket og snakka om korleis deira kurs har vore. Det blei delt både latter og historier blant deltakarane. Og mange kjem til å forsette å lære seg meir nynorsk:  

- Det som er så spesielt med gruppa her, det at dei er så livlege. Eg hugsar nesten ikkje at eg har hatt folk på teams, altså digital undervisning. Dei har snakka i munnen på kvarandre, men det har vore så mykje aktivitet og liv. Og då er det morosamt å vere lærar!, seier Jan Olav Fretland. 

Opplæring i nynorsk - Klikk for stort bileteJan Olav underviser

Takk for reisa 

Smilende kvinne ser mot kamera - Klikk for stort bileteIrena Latakiene Fanny A. Syversen

Deltakarane fortel at kurset har hjelpt dei med å forstå informasjon og dei har vorte betre til å kommunisere. Dei takka læra Jan Olav Fretland for eit fantastisk kurs og god opplæring. 

   - Eg heiter Irena og eg har ikkje lært nynorsk først. Dette har vore lærerikt og spennande, eg er no betre rusta til kvardagen min som tospråkleg lærar og i møte med føresette i skolen. Eg synest nynorsk er så fin og så bra, seier kursdeltakar Irena Latakiene, som har jobba over 10 år i Ålesund kommune. 

Kvifor må eit pilotkurs til?    

Kvardagen som tospråkleg lærar har fleire lag. Dei er i møte med elevar som lærer nynorsk og dei er eit kontaktpunkt mot føresette som mottek informasjon frå kommunen på nynorsk. Og så er dei tilsette i ein nynorskkommune og mottek informasjon internt på nynorsk. Derfor er eit slikt kurs viktig, nettopp så dei blir betre rusta til å gjere jobben sin enda betre.    

– Norskopplæring for innvandrarar er ein nøkkel til integrering og deltaking. I nynorskkommunane er opplæring i nynorsk eit godt integreringstiltak, og då er det òg viktig at morsmålslærarane er trygge i nynorsk, seier dagleg leiar i LNK, Svein Olav B. Langåker.    

Oppfølging av kommunen sin språkbruksplan

Personer som blir guidet - Klikk for stort bileteOmvisning på Aasentunet. Fanny A Syversen

Ålesund kommune vedtok ein språkbruksplan desember 2020. Kartlegginga i forarbeidet oppdaga at tospråklege lærarar har eit behov for å auke kompetansen på nynorsk. Eit slikt tilpassa opplegg eksisterte ikkje. Etter initiativ frå Ålesund kommune og Fretland & Fretland ville Landssamanslutninga for nynorskkommunar bidra til at ein kunne lage ein pilot for eit slikt kurs.   

– Å bidra til at innvandrarane får god opplæring i nynorsk er eit høgt prioritert område for LNK, og eg er veldig glad for samarbeidet om dette kurset med den mest folkerike medlemskommunen vår, seier Langåker.