Tid for å lese av vassmålar   

Og i år er det med nytt og enklare system. Frist er før 9. desember.

Onsdag 3. desember om ettermiddagen blir det sendt ut 7000 SMS-ar til innbyggarar i Ålesund med vassmålarar.

Beskjeden er at dei må lese av vassmålaren før 9. desember. Og i år er systemet nytt slik at du berre kan svare på SMS-en som du svarer på ein vanleg SMS, utan å klikke på noko lenke eller gå innom nokon portal.

•    SMS-en kjem frå eit nummer med 14 tal. Det er unikt og tilpassa din vassmålar. Dermed kan du berre svare med målarstanden, talet som står på vassmålaren din (utan tala bak komma), trykk på send og du er ferdig. 
•    Du får tilbakemelding i ein ny SMS når avlesinga er registrert.
•    Har du registrert feil målarstand, kan du sende inn på nytt, og det er då siste innsende sms og målarstand som gjeld. 

Har du fleire vassmålarar, får du ein SMS per vassmålar. Det er viktig at du svarer på rett sms med rett avlesing for rett vassmålar.  Du kan ikkje svare for fleire vassmålarar på den same SMS-en. 

Enkel, trygg og rask løysing

Rådgivar i avdeling for mynde hos Vatn og avløp i Ålesund, Synnøve Vadseth Furholm,  seier dei er glade for å tilby publikum ei enklare og tryggare løysing enn før.

No kan folk berre svare på sms-en og vi slepp den gamle løysinga der ein måtte klikke på ei lenke. Dette enklare enn før og vi unngår usikkerheita og mistanke om svindel som kan dukke opp hvis vi ber folk klikke på ei lenke. 

Det kan også vere nokon som er overraska over at beskjeden om avlesing av vassmålar kjem så tidleg i desember og at fristen ikkje er knytt til årsskiftet, men det blir justert for dette på faktura og ein betaler berre for den mengda av vatn ein bruker uansett kva dato ein les av vassmålaren. 

Dersom sms ikkje kjem fram eller folk ikkje opnar den i løpet av 48 timar, blir det sendt ut brev gjennom Digipost eller Altinn med beskjed om at du må lese av vassmålaren. Har du ikkje fått sms, kan du både melde inn målarstanden og gi beskjed om du vil ha sms-avlesing neste gong på www.lesav.no

Meir om vassmålarar finn du her