Stolt av morsmålet

Den internasjonale morsmålsdagen blir feira årleg 21. Februar over heile verda. Dagen blir markert for å fremme språkleg og kulturelt mangfald.

 

Blide mennesker sitter i en trapp - Klikk for stort bilete

 

UNESCO arbeider for å bevare det språklege mangfaldet i verda og gjennom dette auke forståing og toleranse mellom menneske. Den internasjonale morsmålsdagen kan knytast til FNs målet til fjerde berekraft mål som fokuserer på å gi alle ei god utdanning. Morsmåldagen er eit flott høve til å synleggjere dei språklege ressursane i lokalmiljøet. Å få lov til å fokusere på eige morsmål og kulturell identitet betyr mykje for oss alle, og gjennom feiringa blir vi aktive deltakarar i å forme det fleirspråklege fellesskapet i Noreg.


I Ålesund feirar vi ei heil veke for å synleggjere dei språklege ressursane i kommunen. Kommunen har oppfordra alle barnehagetilsette og skuletilsette til å lage ei markering og har sendt ut informasjon og inspirasjon til alle. Kommunens tospråklige lærarane samarbeider godt med kontaktlærarar og norsklærarar om ulike markeringar. I tillegg er det arrangement på bibliotek i Brattvåg, Skodje, Moa og Ålesund og på Borgund Dyreklubb.