I samband med bygginga av nytt vassbehandlingsanlegg i Fremmerholen, kom det overflatevatn frå tomta og ut i Brusdalsvatnet.
Det hadde vore teke jamlege prøver av vatn på tomta i tillegg vekentlege rutineprøver frå inntaksvatnet til Vasstranda vassbehandlingsanlegg. Desse viste ikkje endringar for prøveresultata.
I samband med overvatnet til Brusdalsvatnet vart det likevel teke utvida vassprøver. Resultata er no komne tilbake.
Heilt trygt å drikke vatnet
Kommuneoverlege Alexander Wiig seier prøvene stadfestar at det er heilt trygt å drikke vatnet.
Kommunen vil halde fram med utvida og intensivert overvaking av vatnet.
Det er no også kome opp vassloggarar tre plassar, som skal skal drive kontinuerleg overvaking av vasskvaliteten. Vassloggarane står ved utløpet av Brusdalsvatnet/innløpet til Spjelkavikelva, i sjølve Spjelkavikelva og ved utløpet av Lillevannet. Det er viktig å få samle informasjon om vasskvaliteten, og vi ber publikum gi beskjed dersom de ser skade på vassloggarane.