Slik vil kommunen unngå nytt trafikkaos

Aksla, og området rundt, har i fleire år hatt eit utfordrande trafikkbilete. Dette har tilspissa seg dei siste åra då turistmengde har auka betrakteleg og dermed også trafikken opp til utsiktspunktet på Fjellstua.

Utsikt fra Fjellstua og ned mot byen - Klikk for stort bileteVegen til Fjellstua Bjarte Alnes

Å finne ei fullgod løysing for trafikken opp til Aksla er framleis noko fram i tid, men arbeidet held på. Nokre tiltak er allereie sett i verk, mens andre er på veg. Det er altså ikkje heilt klart korleis sommaren blir. Her får du ei statusoppdatering.

Målsetninga med dei grepa som vert gjort er å skape tryggheit og trivsel for bebuarar og tilreisande og legge til rette for ein berekraftig bruk av byfjellet.

Mange tiltak i verk allereie

Mange husker nok framleis godt korleis det var sist sommar, når bussane sto i kø opp gjennom Fjelltun, og dei utrygge trafikksituasjonane som oppstod.

For å avhjelpe situasjonen sette kommunen i verk fleire strakstiltak, som trafikkdirigering, fartsdumpar og mange nye skilt. Dette gjorde mykje for å gjere den store trafikkmassen lettare å handtere, men større tiltak må til. 

Løysing for farleg vegkryss

På bestilling frå kommunen gjorde rådgivingsselskapet Asplan Viak ein analyse av framkoma på vegen opp til Aksla. Konklusjonen var klar, med dagens veg er det ikkje trygt å la køyretøy over 11 meter bruke vegen. Kommunen har ansvaret for sikkerheita langs dette strekket, og innførte derfor lengdeavgrensing frå 1. mai av. Dette betyr at mange bussar og andre lange køyretøy ikkje kan brukast opp vegen.

Etter kvart er det planlagt noko arbeid i krysset Setrevegen/Volsdalsbakken for å utvide vegen og betre svingradiusen. Det er og tenkt å utvide bredden på vegen etter krysset. Det kan vere at dette gjer det mogleg å igjen nytte lange køyretøy langs vegen.

Kor mykje toler vegen?

Eit anna mogleg problem er om køyretøya som køyrer opp fjellet er tyngre enn det vegen kan bere på sikt. Kommunen har bestilt ei analyse av bereevna til vegen som går frå starten av Volsdalsbakken og ut til Fjellstua, men denne kan ikkje bli gjennomført før etter telen i jorda har tint. Derfor er det truleg ikkje råd å få svar på dette før i slutten av mai, eller tidleg juni månad.

Avhengig av kva analysen viser, må kommunen vurdere å gjere endringar på kva køyretøy som kan bruke vegen, eller å sjå på kva utbetringar som er moglege og fornuftige.

Betre tilgang for gåande

«Snarvegen» som går delvis i trapp og sti frå Volsdalsbakken og opp til Setrevegen skal rustas opp, og sikrast med rekkverk. Så lenge trafikken er så stor, og vegen så mangelfull, er det viktig å sikre ein trygg veg for gåande som vil opp på Aksla. Fjellet er eit av dei viktigaste rekreasjonsområda for byens befolkning, og å sjå til at det kan nyttast på ein sikker måte, er viktig for kommunen. Dette tiltaket er venta fullført i løpet av sommarhalvåret.

Ikkje klart endå – men det kjem

Det har lenge vore klart at det er nødvendig med ei heilskapleg og omfattande løysing for korleis byfjellet og området rundt skal forvaltast. Omsyna er mange, både til fastbuande, byens befolkning og til næringslivet som gjerne vil gjere butikk på turisme.

Budsjett, arbeidstid og eit innfløkt landskap av aktørar og partar gjer at arbeidet tek tid. Likevel er det mykje som er i gang, og kommunens innbyggarar vil etter kvart kunne sjå løysingane vekse fram.

På oppdrag frå kommunen, Sørsida Utvikling AS, Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og Ålesundregionens havnevesen er det no i gang ei undersøking av korleis cruiseturismen skal løysast, og funna blir lagt fram i haust.  

Det er også behov for ei heilskapleg analyse av kor mykje turisme byen toler, anten det er cruiseturisme, eller alle som kjem andre vegar enn frå sjøen.

Parallelt med desse undersøkingane, blir det jobba for å finne gode og riktige tiltak, som alle kan leve med.