Skjenketider opp til kommunestyret
Kommunestyret har møte torsdag 21. mars kl. 17.00. På sakslista står blant anna skjenketider for alkohol, plan for fysioterapi og ergoterapi, vedtekter kommunale barnehager og en interkommunal veteranplan. Møtet er ope for publikum og blir sendt direkte på Kommune-TV.
Illustrasjonsbilde
Marit Brunstad / Ålesund kommune
Kommunestyremøtet finn stad i bystyresalen på Ålesund rådhus, lågblokka, 4 etg. Heisen er for tida ute av drift. Men det er mogleg å nytte heis i vaia hovudinngang for tilkomst til møtet. Blant sakene til møtet er:
- Plan for fysioterapi og ergoterapi
- Vedtekter for dei kommunale barnehagane
- Ny forskrift om opningstid for blant anna sal og skjenking for alkohol
- Interkommunal veteranplan for Giske, Sula og Ålesund
- Val av leiar og nestleiar til kommunedelsutvala for 2024-2027
Gå til møtedokument for kommunestyret
Sjå møtet på Kommune-TV
Du kan følgje møtet direkte på Kommune-TV frå kl. 17.00. Du kan sjå i visninga under eller gå direkte til sendinga i Kommune-TV.
Sist endra 29.11.2024 12.51