- Dei tilsette er tilgjengelege på telefon måndag, onsdag og torsdag mellom 12.30 og 16.00.
1. Finn informasjon
Første trinn er å finne ut om du må søke, og korleis du i så fall må gjere dette:
Bruk vegvisaren "Bygg utan å søke" .
Sjå rettleiinga «Åtte steg fra idé til ferdig søknad».
- Sjekk kva som er tillate på eigedommen.
Før du bygger må du finne ut kva, kor og kor mykje du har lov til å bygge på eigedommen din. Det betyr at du sjølv har ansvar for å sjekke at det du skal bygge ikkje kjem i strid med plan- og bygningsloven, gjeldande planar eller anna regelverk.
Opne kart som syner reguleringsplaner eller kommuneplan. Legg inn gards- og bruksnummer (gnr/bnr) eller adresse under «Søk». Klikk i kartet og du kan sjekke kommunen sin reguleringsplan og arealplan som gjeld for din eigedom.
Meir informasjon om kart.
- Kor stort kan du bygge?
Kor mykje areal som kan byggast på kvar enkelt tomt er oppgitt i reguleringsplanen, eksempelvis % BYA. Til dømes vil ein eigedom på 800m2 med tillaten utnyttingsgrad på 25% BYA kunne byggast ut med inntil 200m2.
Bruk kalkulator for å rekne ut areal. Her legg du inn oppgitt tal kvadratmeter (m2) det er lov å bygge på din eigedom. Kalkulatoren hjelper deg med resten.
- Eigarforhold, rettigheiter, hefte og tinglysing finn du på våre nettsider om eigedomsinformasjon.
- Oversikt alle kommunen sine tenester som gjeld byggesak finn du her: Skal du bygge, rive eller endre? Sjå også oversikt over byggereglane her.
- Må du søke dispensasjon?
Dersom du vil bygge noko som ikkje er i samsvar med plan- og bygningslovgivinga, må du søke om dispensasjon. Dispensasjonssøknaden skal grunngivast og det må sendast ut nabovarsel.
2. Send søknad
Andre trinn er å sende søknaden:
- Bruk skjema på dibk.no for å sende søknaden elektronisk direkte til Ålesund kommune. Byggsøk krev at du har ei e-postadresse. Tenesta er gratis å bruke.
Alternativt kan du laste ned skjema og fylle ut sjølv. Denne søknaden kan sendast via post til Ålesund kommune, Plan, byggesak og geodata, Postboks 1521, 6025 Ålesund, eller elektronisk til postmottak@alesund.kommune.no
Her finn du rettleiing til korleis du sjølv kan hente ut naboliste.
Dei ulike søknadstypane er:
- Søknad utan ansvarsrett ("enklare søknad"):
Det betyr at du sjølv kan stå ansvarleg. Du treng med andre ord ikkje eit ansvarleg kvalifisert føretak for å sende denne søknaden. (jf. Plan og bygningslovens § 20-4 )
3. Kor lang tid tar det?
Ved eittrinnssøknad, der alt er innanfor lovverket og ingen naboar har protestert på det du søker om, er behandlingstida på søknaden 3 veker. Dersom det er manglar i søknaden vil du få skriftleg tilbakemelding om dette.
Saksbehandlingstida er 12 veker for søknad om rammeløyve, tiltak som har nabomerknader, eller som krev dispensasjon eller uttale frå andre styresmakter.
4. Kva kostar det?
Når du har mottatt vedtak om det du har søkt om, må du betale gebyr for saksbehandlinga. Kommunestyret har vedtatt desse gebyra for byggesak.
5. Klage på avslag?
Får du avslag på ein byggesøknad, har du høve til å klage.
Klagefristen er 3 veker frå den dagen vedtaket kom fram til den påførte adressa. Det er tilstrekkeleg at klagen er postlagt innan den dagen klagefristen går ut. Klagen kan sendast via post til Ålesund kommune, Plan, byggesak og geodata, Postboks 1521, 6025 Ålesund, eller elektronisk til postmottak@alesund.kommune.no
Klagen må:
- vere grunngitt. Klagen bør også nemne eventuelle andre opplysningar som kan ha noko å seie for kommunen si vurdering.
- ha med kva vedtak det blir klaga på.
- ha med kva endringar som eventuelt er ønska.
- vere underteikna.
Meir info om klage på vedtak i plan- og byggesak finn du her.