Samarbeid sikra samlingsplass for russen – Viktig for sikkerheita

Det såg lenge mørkt ut for ein samlingsplass for årets russekull i Ålesund, men no har Ålesund kommune, Ålesund kommunale eigedom KF og Politiet gått saman og funne ei løysing.  

Ålesund kommune har, saman med politiet og andre, valt å samarbeide med avgangselevane om å finne gode rammer for ei trygg russefeiring. Det er likevel avgangselevane som har inngått ein avtale med ÅKE (Ålesund kommunale eigedom KF) om å leige området, og feiringa er ikkje i kommunal regi. 

Om du ønsker å komme med innspel, tilbakemeldingar eller spørsmål om russefeiringa til kommunen, ber vi deg kontakte oss på følgande epost-adresse: 

Postmottak@alesund.kommune.no 

Om du vil melde frå om ordensforstyrringar, støy eller andre brotsverk, er det politiet som er riktig mottakar. 

Kontaktinformasjon for politiet:

70 11 87 00 

post.moreogromsdal@politiet.no 

Gruppebilete av 5 kvinner framføre ei forsamling - Klikk for stort bileteRøde kors, to av russepresidentane, kommunens SLT-koordinator og politiet informerte kommunedelsutvala. Det er mellom anna desse som også skal møte med naboane torsdag 21. mars. Jon Åge Giske

Rundt 800 avgangselevar har dei siste åra hatt Flatholmen som samlingsplass for feiringa si. I år er ikkje Flatholmen ledig i perioden, og Minda Myklebust, SLT-koordinator i Ålesund kommune og Mirjam Ulstein i førebyggande eining i Politiet frykta då at ein rykte tilbake til slik russefeiringa var for nokre år sidan.  

– Då var det meir uoversiktleg for alle, russen vart nærast jaga frå plass til plass og det var vanskeleg å drive god oppfølging.  

Mange fordelar med å ha ein fast plass  

Etter å ha grundig saumfare både kart og terreng i Ålesund utan å finne noko løysing, kom gjennombrotet i form av samarbeid med ÅKE (Ålesund kommunale eigedom KF). I Lerstadvegen 525, på den såkalla Bertel O. Steen-tomta, har kommunen ein eigedom som kan vere samlingsplass for russen i år. Det løyser fleire problem.  

– Ved å gi russen ein fast plass å vere får vi følge opp med samarbeid, avtalar med- og ansvarleggjering av russen i tillegg til at vi kan ha Røde Kors på plassen og foreldrevakter i området.  

Minda Myklebust og Mirjam Ulstein peiker også på at tomta ligg sentralt plassert.  

Ei kvinne på talarstol, med fire andre kvinner i bakgrunnen - Klikk for stort bileteMinda Myklebust, SLT-koordinator i Ålesund kommune, informerer kommunedelsutvala om arbeidet kommunen gjer for å ta vare på ungdommen vår. Jon Åge Giske

– Det betyr spesielt mykje i år når vi høyrer om at årets russekull har mange vandreruss.  

Russepresidentane har vore særleg bekymra for denne gruppa, som altså ikkje er del av grupper med eigne køyretøy.  

– Om alle er samla kan vi sjå til at alle er trygge. Om vi er spreidd på fjell, ferjekaier og over alt elles, risikerer vi at folk blir ståande igjen i kulda når bussane køyrer vidare, eit større press på å overfylle bussar og bilar, og fråvær av hjelpemannskap og nødetatar. Trygge rammer er avgjerande for ei god feiring, fortel russepresident Guro Pettersen ved Latinskolen.  

Utan ein fast samleplass, med god tilkomst, ville mange ungdommar kanskje ikkje kunne komme seg til eller frå samlingar, og bli ekskludert frå feiringa dei har sett fram til.  

Ikkje optimalt  

Med russefeiring i Lerstadvegen kjem ein nær på private bustader på eine sida av tomta. Det betyr at det i perioden vil bli meir bråk for dei næraste naboane. Kommunen og politiet har derfor lagt til grunn nokre rammer, som russen er forplikta til å etterleve.  

  • I perioden 26.04 og fram til 17.05 kan dei velje seg ut rundt 10 dagar, med klokkeslett for inn- og utkøyring av køyretøy. Området er inngjerda og stengt resten av tida.  
  • Samlingane vil stort sett skje utanfor normal opningstid for næringsdrivande i området. Samlingsplassen er på vestsida av bygget, huset blir ein naturleg støyskjerm mot dei private naboane i aust.  
  • Minst 6 foreldrevakter utanfor området, og 15-20 røde kors-frivillige inne på området. Politiet har ekstra ressursar i området.  
  • Eiga ordning for å sikre at området held seg ryddig under- og etter russefeiringa.  

SLT-koordinator Minda Myklebust har stor forståing for at dette ikkje er optimalt for dei som bur i området.  

– Russefeiring går ikkje stille føre seg. Vi veit det, men vi jobbar med tydelege rammer og tilrettelegging slik at det skal bli minst mogleg ulempe for naboane. Vi fann ingen annan plass, og i den store samfunnsrekneskapen meiner vi at fordelane og tryggheita med å gi russen ein fast plass veg tyngst. Og så vil vi også streke under at denne løysinga gjeld berre for i år.  

Neste år er etter planen tomta opptatt, då det er her ny hovudbrannstasjon til Ålesund kommune skal byggast.

Inviterer naboane til møte

Sjølv om rammene for feiringa er omfattande, er det nok fleire av dei som bur i området som kjem til å ha spørsmål. For å kome dei i møte inviterer derfor kommunen, saman med Politiet, Røde Kors og russen sjølv, dei næraste naboane i austre-Breivika til eit møte på tomta, 21. mars kl 18:00-19:00. Her kan naboane få snakke med:

  • Kommuneoverlege
  • Assisterande oppvekstsjef
  • SLT-koordinator i kommunen (samordning av lokale rus- og kriminalitetsforebyggande tiltak)  
  • Representant frå Politiet
  • Representant frå Røde Kors
  • Representantar frå russen

Takknemleg for hjelpa  

Portrettfoto av to kvinner - Klikk for stort bileteRussepresident Aurora Jørgensen Remme og Guro Pettersen var med då kommunedelsutvala vart informert om planen for årets feiring. Jon Åge Giske

– Vi forstår at ingen vil vere nabo med russefeiringa. Men om vi ikkje samlast, risikerer alle å bli nabo med russefeiringa. For å unngå dette treng vi hjelp. Vi er veldig glade for arbeidet kommunen og politiet, saman med ÅKE, Røde Kors og fleire, har lagt ned for å løyse dette, fortel russepresidentane i Ålesund samla.