Rundskue prosjekt inspirerar andre kommunar

Førre veke fekk Ålesund kommune gleda av å ha besøk frå Løten og Stange kommune, deira SLT-koordinatorar besøkte for å lære meir om vårt vellykka prosjekt, Rundskue.

Gruppebilde for Rundskue prosjekt inspirerar andre kommunar - Klikk for stort bilete

Rundskue er eit lågterskeltilbod for ungdom mellom 12 til 19 år med fokus på forebyggande arbeid gjennom jobb og mentorrettleiing. Målet er å skape meistring og tilhøyrsle for ungdom etter skuletid.  

–  Prosjektet har vore eit viktig tiltak i Ålesund sidan 2022, og vi er stolte over det gode arbeidet vi har gjort. Det er ekstra gledeleg å sjå at Løten og Stange, saman med Hamar og Ringsaker kommune som dessverre var forhindra i å delta, ønskjer å starte eit liknande interkommunalt prosjekt basert på erfaringar frå vårt arbeid, seier Minda Myklebust, SLT koordinator i Ålesund kommune.

Ho understrekar kor viktig det er å lære av kvarandre. Sindre Olsen, prosjektkoordinator for Rundskue, påpeikar at engasjement er nøkkelen til suksess i ungdomsarbeidet:  

–  Ein trenger stort engasjement for å jobbe med ungdom. Eg trur det er forskjellen på å lykkes og feile.   

Dei besøkande fekk og besøke Skarbøvik ungdomsskole. Her fekk dei møte ungdomar og mentorar for å sjå prosjektet i praksis, samt høyre frå dei direkte kva arbeid som gjerast og effektane det har. I tillegg var dei innom Kulturhamna og Rullehallen for å høyre om ungdomsinnvolveringa ein gjer i ReValue. 

–  Det er inspirerande å sjå korleis vårt arbeid kan bidra til å forme framtidige prosjekt i andre kommunar. Vi er stolte over vårt arbeid med Rundskue, og vi ser fram til å høyre erfaringane frå Løten, Stange, Ringsaker og Hamar sin modell om interkommunalt forebyggande arbeid når dei startar sitt eiget prosjekt, inspirert av vårt tilbod, avsluttar Minda.  

Les meir om jobbtilbod og mentorordning for barn og unge.