Randi Vartdal Knoff og Minda Myklebust lanserer ein ny rettleiar og handlingsplan for rusførebyggande arbeid i skulane.- Den aukande tilgjengelegheita av illegale rusmiddel gjennom sosiale medium og auke i eksponering av rusbruk blant ungdom i media og film har utløyst behovet for eit meir systematisk og strukturert arbeid for å motverke rusmiddelbruk blant ungdom i Ålesund, fortel SLT-koordinator Minda Myklebust, som leiar arbeidet med samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak.
Det har derfor blitt utarbeida ein rettleiar og handlingsplan for rusførebyggjande arbeid i skolane for 2024 (PDF, 3 MB). Målet med denne er å gi skulane verktøy som vil kunne auke sjansen til å oppdage og hjelpe elevar med byrjande rusmiddelproblematikk.
Behov for kunnskap og tiltak i ungdomsskolen
Gjennom ein grundig analyse av samfunnsendringar og tilbakemeldingar frå SLT-nettverka, vart behovet for oppdatert kunnskap og konkrete tiltak identifisert som avgjerande.
Ungdom i ungdomsskulealder blir stadig tidlegare eksponert for og involvert i illegale rusmiddel, med bl.a. rapportar om narkotikasal på skuleområde. Dette har ført til ei endring i rusmiddelbruk, der ein ser at ein del ungdom no også nyttar sterkare stoff som kokain.
For å møte desse utfordringane har kommunen samarbeidd med Kompetansesenter Rus Midt-Noreg (KORUS) for å styrke kunnskapen og kompetansen om rusmiddel og rusmiddelbruk blant skuletilsette og helsesjukepleiarar. Dette inkluderer bl.a. opplæring i samtaleverktøyet Motiverande Samtale (MI), som har vist seg å vere effektivt i møte med ungdom som treng støtte og motivasjon til endring.
Inspirasjon til rettleiaren har SLT-koordinatoren og rådgivar innan helse, Randi Vartdal Knoff fått gjennom Oslo kommune sin rettleiar for førebyggande arbeid i skulen og erfaring med Kjentmann-programmet utarbeida av KORUS Bergen.
- Ein sentral del av planen er implementeringa av ressurspersonar og ressursteam ved ungdomsskulane i kommunen. Desse personane skal ha særleg god kunnskap og kompetanse innan rusmiddel og rusførebygging, og etter kvart opparbeide seg brei erfaring med korleis oppdage og handtere situasjonar med rusmiddelbruk. Dei skal først og fremst vere ein ressurs for skulane sine elevar, men og for tilsette og ikkje minst føresette, fortel Knoff.
Vidare vil kommunen samarbeide med relevante instansar som politi, barnevern og helsevesen for å styrke det rusførebyggjande arbeidet og sikre tidleg identifisering og oppfølging av ungdom med rusproblematikk.
Vil sikre ungdom ein trygg og rusfri oppvekst
Rettleiaren og handlingsplanen for rusførebyggjande arbeid i Ålesund-skulen 2024 er eit betydeleg steg i retning av å sikre ungdom ein trygg og rusfri oppvekst, samstundes som han understrekar kommunen si plikt til å førebyggje rusmiddelproblematikk blant sine innbyggarar.
- Med ein stadig endrande rusmiddeltrend blant ungdom og komande endringar i nasjonal ruspolitikk, vil rettleiaren og handlingsplanen vere eit viktig verktøy for å møte utfordringane og sikre ein tryggare og sunnare oppvekst for ungdom i Ålesund, seier dei to forfattarane av planen.