Reint vatn ved hjelp av bordsalt

 Vasstranda vannbehandlingsanlegg har fjerna ein stor sikkerheitsrisiko og erstatta farleg klorgass med heilt vanleg bordsalt. 

to menn og industrianlegg - Klikk for stort bilete

 

For å lage reint, godt drikkevatn må ein tilsette ei ørlita mengde klor. Tidlegare har det vorte brukt klorgass, som har utgjort ein risiko både under transport, lagring og handtering, som når ein har skifta tankar. 

No er den farlege gassen erstatta med ufarleg, men verknadsfullt bordsalt. Saltet vert blanda med vatn til saltlake. Molekyla i saltlaken vert splitta ved hjelp av straum, elektrolyse, og eit resultat av prosessen er natriumhypokloritt, «klorin» i 0,8 prosent oppløysing.

Dermed behandlar ein råvatn og produserer reint drikkevatn på ein mykje sikrare måte enn tidlegare. Og vatnet er sjølvsagt reint og trygt – og heilt utan både saltsmak og klorsmak. 

Richard Bjørkeng, serviceteknikar i Inrigo, køyrde i gang og testa utstyret på Vasstranda vassbehandlingsanlegg og overtakingsprotokoll vart signert av han og avdelingsingeniør i verksemd for vatn og avløp, Ålesund kommune, Lars Vidar Olsen Synnes.

person og pakkar med salt - Klikk for stort bilete
to menn - Klikk for stort bilete
to menn ved bord - Klikk for stort bilete