Regjeringa vidarefører tilskotsordninga for mindre byområde

Bypakke Ålesund har tidlegare finansiert kjente prosjekt gjennom statlege tilskotsmidlar for mindre byområde. No blir ordninga vidareført i 2024. 

Dei nye gatestoppa ved Moa er godt brukt, og var eit prosjekt i Bypakke Ålesund som blei finansiert med hjelp av tilskotsordninga. Kristin Støylen

Klima- og miljøvenleg byutvikling 

Tilskotsordninga skal legge til rette for klima- og miljøvenleg byutvikling og god framkome, gjennom å styrke satsinga på kollektivtransport, sykling og gange. 

Det statlege tilskotet skal gå til mindre investeringar i gang- og sykkelvegar og kollektivtiltak. Tilskotet vil inngå som statleg bidrag til bypakkane i dei aktuelle byane. Dei aktuelle byområda er Bodø, Ålesund, Haugesund, Vestfoldbyen(Larvik, Sandefjord og Tønsberg) og Arendal/Grimstad. I 2024 settast det av 31 millionar kroner. 

Samferdseldepartementet vil vurdere nærare kva byar som er aktuelle. Tildeling forutsett blant anna at Stortinget har behandla ein bypakke for den aktuelle byen. 

Viktig tilskotsordning for Bypakke Ålesund

Nettverk for berekraftig regionbyar har jobba hardt for å få til eit samarbeid med staten, og ei ny ordning blei etablert i Nasjonal transportplan 2022-2033. Den nye tilskotsordninga har allereie bidratt til gjennomføring av viktige tiltak for miljøvenleg transport i Bodø og Ålesund. 

Tilskotsordninga er viktig for Bypakke Ålesund og prosjektleiar Mentzoni Eilertsen er glad for at den vidareførast i 2024. Ålesund kommune

Tidlegare i år fekk Bypakke Ålesund 15 millionar i tilskot frå ordninga. Dei statlege tilskotsmidlane vil vere ein del av finansieringa av sykkelprosjektet på Hessa: Tonningsgate – Brogata. 

Dette er gode nyheiter for byutviklinga i Ålesund, og gir moglegheit til å realisere enda fleire prosjekt enn det som allereie ligg inne i Bypakke Ålesund, seier prosjektleiar, Jøran Mentzoni Eilertsen


Bypakke Ålesund fekk også eit tilskot på 15 millionar kroner i 2022, og dette bidrog til å finansiere dei nye gatestoppa ved Moa. Bypakke Ålesund har totalt fått 30 millionar frå ordninga.

-Tilskotsordninga er viktig for at Bypakke Ålesund, og viser at vi får til enda meir med dei statlege midlane, seier Mentzoni Eilertsen.