Prosjektpengar til klimasatsing

Prosjektpengar til klimasatsing

Ålesund kommune og samarbeidspartnarar har fått fleire millionar frå Miljødirektoratet til forskjellige prosjekt innan klimaarbeid. 

Miljødirektoratet har ei satsing som heiter Klimasats som er ei støtteordning for kommunar og fylkeskommunar som vil kutte i utslepp av klimagassar og bidra til omstilling til lavutsleppsamfunnet.  Ålesund kommune og samarbeidspartnarar har fått støtte til alle prosjekta som det er søkt pengar til.

Emblem skule – klimagassreduserande tiltak – 2 437 500 kroner

Ålesund kommunale eigedom (ÅKE) skal bygge ny barneskole og volleyballhall på Emblem. Prosjektet får støtte frå Klimasats på grunn av planane om å gjenbruke materiale ved bygginga. Hovudmålet er klimagassreduksjon på 30 % frå nytt materiale i bygga.  

Prosjektansvarlig for Emblem skule i ÅKE, Jørn Johannesen, er glad og stolt over at Miljødirektoratet har vurdert byggeprosjektet som innovativt og ambisiøst når det gjeld planlagde klimavennlege løysingar:

-  Tilskotet gjer det mogleg å ta i bruk fleire klimavennlege løysingar og spesielt vil vi vurdere gjenbruk av materiale frå den eksisterande skolen som skal rivast, seier han.

-  Vi ser også for oss at andre prosjekt vil kunne dra nytte av våre erfaringar frå arbeidet med klimavennlege løysingar og gjenbruk, avsluttar han.

Betre tilrettelegging for gåande og syklande vil også bidra til å redusere klimagassutsleppa i drift.

Arbeidet skal starte i august og vere ferdig i juni 2022.

Smart Sirkulær By - Ettersortering for avfall i Ålesundregionen – 350 000 kroner

Ettersortering hentar verdiar ut av restavfall. Forprosjektet skal sjå på blant anna kostnadar, teknologi, klimanytte, avfallssamansetting og gje ei god analyse av om dette er eit aktuelt tiltak for å redusere utslepp ved forbrenning av avfall.

Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Ålesund kommune, Tafjord Kraftvarme, NTNU, Bingsa gjenvinning og Ålesundregionens interkommunale miljøselskap (ÅRIM).

Tafjord Kraftvarme har med sitt energigjenvinningsanlegg det største enkeltutsleppet av klimagassar i Ålesund. Anlegget mottar restavfall frå store delar av Møre og Romsdal, og har løyve til å få 100 000 tonn kvart år. Energigjenvinning av avfall representerer betydelege utslepp på grunn av innhaldet av fossil plast. Mengda Tafjord Kraftvarme forbrenn i anlegget sitt, gir eit årleg CO2‐utslepp på den fossile delen på omtrent 55 000 tonn. Ved å redusere andelen plast inn til anlegget, vil det være mogleg å få ein markant nedgang av desse utsleppa. Resultat frå Smart Sirkulær By viser at det kan være så mykje som 7 000 tonn plastavfall totalt. Med uttak av all plast, kan dette føre til ein reduksjon på 18 900 tonn CO2 årleg.

Dagleg leiar i ÅRIM, Øystein Solevåg seier at eit ettersorteringsanlegg kan vere ein nøkkel:

-    Dei nasjonale måla om gjenvinning av avfall er svært ambisiøse. ÅRIM ser at det vil være vanskeleg å nå desse måla utan eit ettersorteringsanlegg. Eit slikt anlegg kan også gjere avfallsbaserte råvarer tilgjengelege for lokale industriverksemder.

Klimasatspengane frå Miljødirektoratet gjer det mogleg å engasjere prosjektleiar frå NTNU i Ålesund

Sirkulære innkjøp på Sunnmøre – 550 000 kroner

Innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre (alle sunnmørskommunane + Vestnes) ønsker å undersøke korleis sirkulære innkjøp kan bli innarbeidd i ein ny innkjøpsstrategi. Prosjektet skal teste ut ulike krav for å oppnå meir klimavennlege innkjøp for å få ein innkjøpsstrategi basert på sirkulær økonomi. Målet med sirkulær økonomi er å nytte alle ressursar best mogleg – helst i ein evig runddans.

I dag kjem 62 % av globale klimagassutslepp frå produksjon av produkt. EUs arbeid med sirkulær økonomi peikar på at produksjon og sal av meir berekraftige og konkurransedyktige sekundære produkt, saman med ein velfungerande marknad, vil være viktige tiltak for å redusere utslepp på globalt og lokalt nivå. Ved klimavennlege innkjøp som legg til rette for ein sirkulær økonomi, kan kommunen ha direkte innverknad på sin klimarekneskap. Dette oppnår vi ved å etterspørje varer som har eit langvarig design, kan vedlikehaldast og reparerast, pussast opp og gjenvinnast.

Prosjektet er eigd av Ålesund kommune ved innkjøpsssamarbeidet. Pengane frå Miljødirektoratet skal brukast til ekstern prosjektleiar og arbeidsgruppe.

Du kan lese meir om prosjektet her.

Interkommunalt nettverk for kompetanseheving og erfaringsdeling – 75 000 kroner

Ålesund, Giske og Sula kommunar, og Møre og Romsdal fylkeskommune har fått støtte til å drifte eit nettverk som skal bidra til ein samordna og klimavennleg areal- og transportpolitikk i regionen. Det første steget er å utarbeide ein felles plan for klima-, areal- og transport (PAKT). Etter dette skal nettverket følge opp planen kontinuerleg. Nettverket har som mål å vise data på ein nyskapande og visuelt tilgjengeleg måte, for å gi eit betre grunnlag for medverknad i planprosessen og som støtte for vedtak.

-    Arbeidet med ein felles og forpliktande plan som ser arealbruk og transport i samanheng i eit klimaperspektiv, er viktig for å sikre utviklinga vi ønsker i regionen. Støtta frå Klimasats til dette arbeidet kjem godt med, og bidrar til at vi kan lage møteplassar for dialog og kompetansebygging, seier stabssjef for strategi-, samfunns- og næringsutvikling i Ålesund kommune Anne Mette Liavaag.

Tilskotet blir betalt ut til Ålesund kommune som har rolla som sekretariat for nettverket.

Bunkring av LBG i Ålesund hamn – 100 000 kroner

Ålesund kommune, Ålesund hamnevesen, Biogass Møre og NTNU får støtte til å foreta ei marknadsundersøking om behov for å etablere ein lokal, sjøbasert fyllestasjon – eit bunkringsfartøy for metandrivstoff (biodrivstoffa LBG og LNG). Forprosjektet skal også sjå på korleis fartøyet skal kunne betene båtane på ein økonomisk god måte. Miljødirektoratet gir støtta fordi dei meiner biogass kan spele ein viktig rolle for utsleppsreduksjon i åra som kjem og ønsker å støtte prosjektet for å sjå om det er marknad for ein slik fyllestasjon.
 

Les meir:
Miljødirektoratets side for Klimasats-prosjekt og tildelingar til Ålesund kommune og samarbeidspartnarar.

Til toppen