Aspevågen i Borgundfjorden er alvorleg forureina med mellom anna tungmetall, miljøgifter og tjærestoff. Prosjektet Reinare fjord skal legge ny sjøbotn som kapslar inne den gamle forureininga, og slik får eit friskt og sunt liv i og ved havet
Ålesund kommune/Harald M. Valderhaug
Kommunalsjef for samfunn i Ålesund kommune, Sol Berntsen Slinning seier det er svært synd at Ålesund ikkje kom med på lista denne gongen.
- Vi er eit prioritert område, vi er det einaste prosjektet i Møre og Romsdal og eit prosjekt der vi kunne spare pengar dersom vi no kunne samkøyre prosjektet med opprydding på Gassverktomta. I tillegg ville ei løyving gi naturen ein ny sjanse samtidig som vi får utvikle byen. Det var difor svært skuffande at vi ikkje kom med i statsbudsjettet.
Usikkerheitsanalysen i 2023 sa ein pris på prosjektet på 102 millionar kroner (P50). Fordelingsnøkkelen er inntil 75 prosent på staten og resten på kommunen.
- Med veldig stram kommuneøkonomi seier det seg sjølv at vi er avhengig av å få den statlege støtta på plass før vi kan sette i gang med prosjektet. No må vi legge oss i selen for å kome med i neste runde, både i behandlinga av forslaget til statsbudsjett, revidert statsbudsjett og neste års forslag til statsbudsjett.
Dersom ingen parti fremmar prosjektet og får det inn i statsbudsjettet før vedtak i Stortinget, vert det ikkje oppstart av opprydding i 2025 heller.
Spesielt ansvar for Borgundfjordtorsken
Aspevågen i Borgundfjorden er alvorleg forureina med mellom anna tungmetall, miljøgifter og tjærestoff. Prosjektet Reinare fjord skal legge ny sjøbotn som kapslar inne den gamle forureininga, og slik får eit friskt og sunt liv i havet.
- Det er viktig for all fisk og skaldyr, men ikkje minst for Borgundfjordtorsken som er av nasjonal verdi og som vi har eit heilt spesielt ansvar for her i Ålesund.
Opnar for byutvikling
I tillegg vil ny sjøbotn gjere at det blir trygt å bade, fiske og ete sjømat frå Aspevågen både for dei som bur her og dei som besøker byen.
- Og ikkje minst vil ny sjøbotn gjere at vi får opna opp for nye moglegheiter i området rundt Aspevågen. Dette er viktige sentrumsområde som kan og bør takast i bruk til vidare byutvikling framover.
Kartlagt sidan 1970-talet
Prosjektet Reinare fjord har vore på blokka sidan 1970-talet og vore gjennom ei rekke kartleggingar og utgreiingar. Mellom anna er tareskogen i området kartlagt og det er lagt planar for korleis ein skal ta vare på denne når ein legg den nye sjøbotnen. I 2023 var revidert tiltaksplan på plass og i sommar har ein gjort nye undersøkingar med tilskot frå Miljødirektoratet.
Prosjektet er det einaste av sitt slag i Møre og Romsdal og er eit av 17 prioriterte område i den nasjonale handlingsplanen for opprydding av forureina sjøbotn.