Politisak om overgrep ved barneskule i Ålesund

Ein tilsett ved ein barneskole i Ålesund er pågripen mistenkt for seksuelt overgrep mot eit barn ved skolen.

Saka vert etterforska av politiet og mannen er varetektsfengsla i fire veker.  

Kommunen sitt ansvar no er å ta vare på eleven med føresette, andre elevar med deira familiar og våre tilsette.

Kommunalsjef for oppvekst i Ålesund kommune, Hildegunn Pedersen, seier dette er ei vanskeleg sak for dei involverte, og at dei gjer det dei kan for å ta vare på dei berørte:   

-Dette gjeld først og fremst eleven og eleven sine næraste, men i tillegg er dette ei sak som påverkar heile skolemiljøet med elevar, foreldre og tilsette, i heile kommunen.

 

Informasjon til foreldre og tilsette

Skolen det gjeld har i samarbeid med Politiet sendt ut et brev gjennom IST-Home til foreldra om saka, med råd og med kontaktinformasjon til mellom anna Politiet og Statens barnehus.

-Vi har i dag hatt informasjonsmøte med tilsettgruppa og har kobla på både helsesøster og kriseteamet for å følge opp tettere dei som har behov, både barn, foreldre og tilsette. Men vi vil samtidig understreke at det er politiet som har ansvar for all etterforsking og følger opp saka, seier kommunalsjef for oppvekst Hildegunn Pedersen.  

 

Tett samarbeid med politiet

Kommunalsjef Hildegunn Pedersen seier kommunen har eit tett samarbeid med Møre og Romsdal politidistrikt. Det er politiet som må svare ut konkrete spørsmål om saka.  

-Ålesund kommune følger dette tett og vil saman med politiet fortløpande vurdere om det er behov for å iverksette fleire tiltak for å ta vare på elever, foreldre og tilsette.

 

Kontaktinformasjon for presse: 
Varaordførar Monica Molvær, 975 01 202

Kommunalsjef oppvekst, Hildegunn Pedersen, 952 55 964