Oppheva kokevarsel for Emblem

OPPDATERING laurdag 11. oktober: Kokevarselet på Emblem er oppheva etter at oppfølgingsprøve nummer to også er rein.

kart - Klikk for stort bileteKokevarselet er sendt ut til dette området på Emblem.

(FOR ENGLISH, PLEASE SCROLL DOWN)

Oppdatering laurdag 11. oktober:

Kokevarsel for Emblem oppheva.
Vi har no fått to reine oppfølgingsprøver på rad og kan oppheve kokevarselet for Emblem. 
 

Oppdatering fredag 10. oktober:

Første oppfølgingsprøve er no rein, men vi må ha to dagar og to prøvetakingar på rad utan funn av bakteriar før vi kan oppheve kokevarselet. 

Det er sendt sms til dei det gjeld i dag fredag og ny sms med oppdatert informasjon blir sendt på laurdag. 

Informasjon torsdag 9. oktober:

Vi har dessverre fått positivt utslag med eit lite funn av bakteriar på eit enkeltpunkt av oppfølgingsprøvene som er tatt på Emblem. Det betyr at leidningane i området det gjeld no blir spylt igjen og det blir tatt nye oppfølgingsprøver seinare i dag. 

Det betyr også at vi må starte på nytt med å telje oppfølgingsprøver. Prøvene i dag vert oppfølgingsprøve ein, så blir det oppfølgingsprøve to på fredag. Prøvene frå fredag får vi svar på på laurdag. Kokevarselet kan dermed tidlegast opphevast på laurdag. 

Når vi får godkjende prøver to dagar på rad, blir kokevarselet oppheva og dei det gjeld vil få sms om dette. 

Vi treng altså to reine prøver to dagar på rad for å oppheve kokevarselet, og hendinga no med reine prøver dag ein før nye funn av bakteriar dag to, viser at det er viktig å kvalitetssikre med to prøver på rad.

Mange kokevarsel, men ingen fellesnemnar

Bakteriane som vart funne kom frå andre steder på leidningsnettet enn det stilleståande vatnet. I samband med brotet på vassleidninga hadde delar av leidningsnettet stått utan trykk. Det betyr at det kan bli inntrenging av vatn utanfrå, som overflatevatn og vanleg bekkevatn som er vatn som normalt har ein del koliforme bakteriar.

Den siste tida har det dessverre vore uvanleg mange kokevarsel i Ålesund kommune. Det er ingen fellesnemnar i desse hendingane, men er enkeltståande tilfelle med ulike forklaringar. Vi veit at dette skaper arbeid og kanskje også utryggheit for abonnentane våre, og beklagar dette. 
 

 

Du får tips til korleis du skal handtere eit kokevarsel her:

Råd ved kokeanbefaling - Ålesund kommune

Boil Water Advisory lifted – Emblem area

Update – Saturday, October 11:
Boil water advisory for Emblem lifted
We have now received two clean follow-up water tests in a row and can lift the boil water advisory for Emblem.

Update – Friday, October 10:

The first follow-up water test is clean. However, we need two days with two tests in a row showing no bacteria before we can lift the boil water notice.

A text message (SMS) was sent today, Friday, to those affected. Another message with updated information will be sent on Saturday.

UPDATE – Thursday, October 9: New bacteria found – the boil water notice for Emblem remains in place.

We have unfortunately received a positive result showing a small amount of bacteria in one of the follow-up water samples taken in Emblem. This means that the pipes in the affected area will be flushed again, and new follow-up samples will be taken later today.

Because of this, we must restart the count of follow-up samples. Today’s samples will be follow-up test one, and the next samples on Friday will be follow-up test two. We expect results from the Friday samples on Saturday. The boil water notice can therefore not be lifted before Saturday at the earliest.

When we receive two clean (approved) test results on two consecutive days, the boil water notice will be lifted. A text message will then be sent to affected residents.

We need two clean tests in a row before the notice can be lifted. The recent results – clean water on day one, but bacteria on day two – show how important it is to confirm this with two consecutive tests.

The bacteria found came from other parts of the water network, not from the standing water. When the water main broke, some parts of the network lost pressure. This can allow outside water, such as surface water or stream water, to enter the pipes. Such water often contains some coliform bacteria.

Lately, there have unfortunately been several boil water notices in Ålesund municipality. These are separate incidents with different causes. We understand that this creates extra work and concern for our residents, and we sincerely apologize for the inconvenience.

(Translated with ChatGPT)

Boil water advisory in other languages

Fekk du ikkje sms-melding?

Bur du i området med kokevarsel og ikkje fekk sms-varsling på mobiltelefonen din?

Systemet som kommune-Norge bruker bygger på kva adresse som er knytt til telefonabonnementet ditt. Har du jobbtelefon, så får du varsel der arbeidsplassen din held til. 

Vil du ha varsel som gjeld heimeadresse og ikkje berre telefonabonnement-adresse, så legg du det enkelt til her på www.varslemeg.no