Økonomien dei komande fire åra blir krevjande

Torsdag 26. oktober presenterte kommunedirektøren sitt forslag til økonomi- og handlingsplan for 2024-2027 for tillitsvalgte, verksemdleiarar og for kommunestyret på konstituerande møte.   

Bygning i Ålesund sentrum - Klikk for stort bileteÅlesund rådhus Ålesund kommune

- Det er eit svært krevjande budsjettforslag å legge fram, og situasjonen er alvorleg for Ålesund. Vi har for høge utgifter i forhold til inntekter, og gjeldsrenter spiser opp ein stadig større del av budsjettet. Vi må gjere tiltak som vil opplevast som krevjande for verksemdene, og innbyggarane vil merke at tenestene må endrast, seier kommunedirektør Jon Steven Hasseldal. 

Stort meirforbruk i år

Økonomirapporten for 2. tertial skal opp i formannskapet 14. november og kommunestyret 30. november. Rapporten viser at kostnadane til kommunen er høgare enn inntektene, og ligger an til eit meirforbruk på ca 70 millionar kroner for 2023.  

Dersom dette blir resultatet vil kommunedirektøren foreslår å bruke disposisjonsfondet for å dekke inn 35 millioner kroner. I tillegg må om lag 35 millionar delast på dei to nye kommunane, Ålesund og Haram, for inndekking seinast i løpet av 2025.  Dette er ikkje innarbeidd i budsjettforslaget frå kommunedirektøren.  

Lite hjelp frå statsbudsjettet

I statsbudsjettet for 2024 kjem det noko auke for Ålesund. Men utfordringa er at dette skal dekke blant anna auke i rentekostnadar, auke i pensjonskostnadar, auke i demografikostnadar og redusert makspris i barnehage. Med andre ord, forslag til statsbudsjettet er ikkje nok for å lette på kommunen sin økonomiske situasjon.  

Mann profilbilde - Klikk for stort bileteJon Steven Hasseldal, kommunedirektør

- Med eksisterande gjeldsnivå og med dei investeringane vi har vil netto rentekostnad auke med om lag 68 mill. kr for kvar prosenteining lånerentene stig, seier Hasseldal.   

Føreslår å auke eigedomsskatten

Kommunedirektøren føreslår å auke eigedomsskatten frå 2 promille til 3 promille. Dette vil gje om lag 60 millionar meir i budsjettet i året, 190 000 millionar totalt på eigedomsskatt. Kommunen budsjetterer og med å ikkje sette av penger til disposisjonsfond, for å kunne føre dei direkte ut i dei store tenestene som oppvekst og helse som har eit stort meirforbruk.   
 

Omstillingstiltak i alle kommunalområde 

Kvart kommunalområde har presentert prioriteringar og tiltak for 2024. Her kan du sjå det som er føreslått for 2024:  
 

-No har vi dessverre ikkje meir å gå på. Vi har skåret heilt til beinet og vi kan ikkje fortsette slik. Vi er nødt å omstille oss og tenestene må justerast. For eksempel med å gå gjennom turnusar, redusere bemanning og tenestetilbodet. Det skal framleis vere forsvarleg drift, men vi må prioritere kraftig, seier kommunedirektøren.  

Kommunedeling vil skape usikker drift i 2024

Når kommunedelinga trer i kraft 01.01.2024 er Ålesund ein ny kommune der ein ikkje har samanlikningsgrunnlag i drifta. Det vil vere ein noko uoversiktleg overgangsfase, og det er større uvisse enn normalt på kostnadssida. Det vil derfor legge føringar på kva arbeid som må prioriterast i 2024.   

Dei største investeringane i 2024-2027

Det er ein rekke store prosjekt innanfor økonomiplanperioden. Ein del av desse er på sjølvkost eller har anna kostnadsinndekning.  

  • Kongshaugen avløpsrenseanlegg 1 595 mill. kr (sjølvkost)  
  • Fremmerholen vassbehandlingsanlegg 886 mill. kr (sjølvkost)  
  • Leidningsfornying og separering 400 mill. kr (sjølvkost)  
  • Vatn og avløp 300 mill. kr (sjølvkost)  
  • Bypakke Ålesund 228,5 mill. kr  
  • Trafikksikring og vegtiltak 148,6 mill. kr  
  • Oppgradering av veganlegg 92 mill. kr  
  • Grøntområde 48,8 mill. kr  
  • Borgundfjordprosjektet 147,8 mill. kr . Merk at inntil 75 % av kostnaden her vert dekt av Miljødirektoratet.  

Fleire store prosjekt i ÅKE  

Ålesund kommunale eigedom KF har ein rekkje prosjekter i perioden 2024-2027. Fleire av desse er i gong med arbeidet.  

  • Hessa barneskole 228 mill. kr  
  • Osane Idrettshall 189 mill. kr  
  • Brannstasjon 109 mill. kr  
  • Bustadar med bemanning Moa/Spjelkavik 103 mill. kr  
  • Bygg til offentlege tenester på Sørsida 73 mill. kr  
  • Rehabilitering og utvikling av skolar og barnehagar 90 mill. kr  
  • Rehabilitering og utvikling av kommunale bygg og bustadar 88 mill. kr  
  • Skodje ungdomsskole 52 mill. kr  
  • Bustadar med bemanning Olsvika 40 mill. kr
  • Må redusere tenestene til brukerne ned til det forsvarlege, så fort som mogleg.  

 

-For 2024 har vi lagt inn meir realistiske rammer for kommunalområdene. Rentekostnadene tynger oss og vil tynge stadig meir, og kommunedeling legg beslag på ressursar og skaper større uvisse enn normalt i budsjettet, seier kommunedirektør Jon Steven Hasseldal.  

Politisk behandling

Kommunedirektøren sitt forslag til økonomi- og handlingsplan skal opp til politisk behandling i formannskapet 7. november og i kommunestyret 7. desember.   

Aktuelle lenker: 

Andre relevante dokumenter: