Ny sjøleidning i Lillevatnet

Vi samlar overflatevatn og sender det ut på djupare vatn i Lillevatnet enn før.

benk ute i naturen ved vatn - Klikk for stort bilete

 

I samband med bygging av Fremmerholen vassbehandlingsanlegg legg Ålesund kommune om leidningar i området, og det skal no leggast 36 meter ny sjøleidning nordaust i Lillevatnet.

Då får vi overflatevatnet ut på djupare vatn enn før slik at vi får betre spreiing og blanding av overflatevatnet enn tidlegare. Fram til no har overflatevatnet kome ut i vasskanten i Lillevatnet og delvis ut i Spjelkavikvassdraget.  

Med dei nye leidningane er vi dermed også med på å gjere vatnet i Spjelkavikvassdraget reinare og gi betre leveforhold for elvemuslingar, lakseegg og anna liv i elva. 

Overflatevatn er nedbør eller smeltevatn som samlar seg på bakken. I utgangspunktet er dette reint regnvatn, men det kan ta med seg for eksempel strøsand, grus, støv eller anna på sin veg.

Omsyn til miljøet

Planlegging av arbeidet er difor gjort i samråd med Statsforvaltaren og det har vore gjort ein miljørisikoanalyse som sikrar både at sjølve arbeid og den varige løysinga tek omsyn til miljøet. 

Det er ei stor sjøleidning, 60 centimeter i diameter, med betonglodd. Oppvirvla masse frå botnen vert avgrensa til eit lite område ved hjelp av siltgardin.

Leidninga skal gravast ned i vasskanten. Det vil sjølvsagt vise igjen i terrenget, men sidan det skjer midt i beste vekstsesongen, vil det gro raskt til igjen. Leidninga vil ikkje vere til hinder for eventuell framtidig utbygging av tursti.

Når skjer det?

Sjølve arbeidet med å legge ny sjøleidning vil ta berre nokre dagar. 10.  juli er arbeidet godt i gang og arbeidsperioden vil bli innanfor eit par veker.