No kjem dei kommunale årsgebyra og eigedomsskatten

Peder Otto Dybvik Fakturaen vil vere den første av totalt fire fakturaer i 2020 knytt til årsgebyra og eigedomsskatten. Det er fleire endringar som du som abonnent bør vere merksam på.

I løpet av mars vil fakturaer for kommunale årsgebyr knytt til vassforsyning, avløp, eigedomsskatt, avfall, slamtømming og feiing/tilsyn sendes ut. Dette er det du må vere merksam på. 

Nye forskrifter for vass- og avløpsgebyr

Kommunestyret vedtok i november 2019 nye forskrifter for vass- og avløpsgebyr som no gjeld heile den nye kommunen. Alle vil no få eit todelt gebyr samansett av eit abonnementsgebyr og eit forbruksgebyr.

Forbruksgebyret vil vere utrekna på grunnlag av målt forbruk eller stipulert på grunnlag av areal. Abonnementsgebyret vil vere differensiert ut frå brukskategoriar der det mellom anna no vil verte rekna eitt abonnementsgebyr pr. bueining i alle bustadbygg. Dette vil også gjelde innanfor burettslag og andre typar av sameige.

For nærare informasjon, sjå vedtatt betalingsregulativ og/eller forskrift.

Alt kjem no på same faktura

Tidlegare har ÅRIM sendt ut fakturaer knytt til avfall og slamtømming i to av dei tidlegare kommunane.

No  vil kommunen sjølv sende ut faktura for desse tenestene for heile den nye kommunen. I område med private vassverk vil likevel vassverka fakturere for sine tenester slik som tidlegare.

Eigedomar med eigedomsskatt vil få krav om denne på same fakturaen som årsgebyra.

Auke i gebyr

Dei fleste abonnentane vil oppleve ein gebyrauke. Gebyra vil vere knytt opp mot dei kostnadane kommunen har for dei ulike tenestene, og kommunen har ikkje høve til å ta inn meir i gebyr enn tenestene kostar.

Investeringar som har vore gjort og dei planlagde store investeringane framover vil imidlertid påverke gebyrnivået og medføre ein generell auke.

Klage på gebyra

Storleiken på gebyra er fastsett av kommunestyret gjennom forskrift og kan ikkje påklagast. Oppdagar ein feil i gebyrgrunnlaget må dette meldast skriftleg til kommunen gjennom digitalt skjema gjennom e-post til postmottak@alesund.kommune.no, eller gjennom brev til Ålesund kommune, postboks 1521, 6025 ÅLESUND.

Hugs å opplyse om kva eigedom (gnr/bnr) meldinga gjeld. Tilsendt faktura må likevel betalast, men eventuelt til gode beløp vil bli kreditert på neste faktura.

Betalingsutsettelse

Du kan utsette eller dele opp betaling av kommunale avgifter og eigedomsskatt, slik gjer du det:

Logg deg inn på «Mi Side» som du finn her på heimesida.

  • Her kan du søke om betalingsutsetting i to månadar. Søknaden må vere sendt før forfall på fakturaen. 
  • Dersom du vil delbetale fakturaen, kan du gjere det ved å nytte same KID/kontoopplysningar som du finn på fakturaen din. Hugs å søke om utsetting av betaling FØR du delbetaler for å unngå purring.

Alternativ kan du ta kontakt med kommunen på e-post eller telefon.

  • E-post: fakturamelding@alesund.kommune.no. Telefon: 70 16 20 00.
  • Her kan du søke om endra betalingsfrist eller oppdeling av betalinga i inntil to månadar. Søknaden må vere sendt før forfall på fakturaen. 

Vi gjer merksam på at det vil bli rekna forseinkingsrenter på det beløpet som vert betalt etter opphavleg frist. Dette gjeld sjølv om du har gjort avtale om å få utsette/dele opp betalinga. Rentesatsen er normalt 9,5 % p.a. Denne rentesatsen er mellombels sett til 3 % p.a. for kommunale krav i Ålesund kommune. Det gjeld både for kommunale avgifter og eigedomsskatt som vert betalt for seint. Dette betyr at det frå 20. april vert rekna ei forseinkingsrente med ein fast sats på 3 % i staden for satsen som er fastsett i forskrift frå Finansdepartementet. 

Antal terminar

Årsgebyra vil vere fordelt på fire terminar, dvs. at det vil bli sendt ut fakturaer i kvart kvartal.

Eigedomar med eigedomsskatt vil få krav om denne på same fakturaen som årsgebyra.