Nes og Stette - godt vatn frå ny leidning

Oppdatering fredag 26. juli:  Prøveresultata viser godt drikkevatn frå den nye vassleidninga i Engesetdalsvatnet og arbeidet med er dermed ferdig. 

grøn mark og natur med gravemaskin og blått vassrør - Klikk for stort bilete

 

Det vart oppdaga ein lekkasje på den gamle vassleidninga i Engesetdalsvatnet. Ålesund kommune har difor lagt ny leidning i vatnet. Den nye leidninga vart kopla til leidningsnettet i Engesetdalen og på Nes mandag 22. juli.

Det vart jobba utover heile natta til tirsdag, og tirsdag morgon vart det meldt om at omkoplinga var ferdig.

Vatnet er heilt trygt å drikke - slik det også har vore medan arbeidet har pågått. 

Tirsdag: Rundt lunsj tirsdag vart det pluggkøyring av ei av dei to nye leidningane. Dermed måtte vatnet stengast for dei som bur i Nesgardsvegen. Dette vil vare i nokre timar. Dei det gjeld har fått sms med informasjon - også om kvar dei kan ringe om dei treng å få vassposar. 

Fredag: Resultata frå prøvene av vatnet i den nye leidninga har kome. Prøvene viser godt vatn utan behov for ekstra behandling slik vi gjorde det medan vi arbeidde. 

 

Medan vi arbeidde med omkopling av leidningane fekk abonnentane drikkevatn frå høgdebassenget på Stette, men det kunne bli dårlegare vasstrykk. For å sikre vassforsyninga medan vi kopla på den nye leidninga måtte høgdebassenget få påfyll av vatn frå tankbil. Vi ba difor om at folk brukte lite vatn medan arbeidet pågjekk. 

Vi gav også råd om at folk burde tappe opp vatn til personleg forbruk før mandag når vi starta arbeidet. 

Takk for forståing og innsats.