Ålesund kommune har ansvar for sikkerheita ved dammane på Langevatnet, Strokevatnet/Bigtonvatnet saman med andre dammar på Emblemsfjellet. I tråd med regelverket for damtilsyn er det gjort ei revurdering som viser at vi må gjere strakstiltak for å auke stabiliteten og sikkerheita på desse to demningane.
Saka er tatt opp med NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) og vår konsulent, Multiconsult AS, som seier at vasstanden må senkast for å få nødvendig sikkerheit.
Vi veit ikkje kor lang tid nedtappinga vil ta, men vi må vere ferdige før vinteren kjem og det legg seg is på vatna. Planen er difor at nedtapping startar alt i veke 42.
Langevatnet
Senking av vasstanden er eit nødvendig tiltak på kort sikt. På lengre sikt vil arbeider vi med rehabilitering av dammen for å betre sikkerheita og oppretthalde vasstanden.
For Langevatnet er planen å halde vasstanden 3,2 meter under høgaste regulerte vasstand gjennom vinteren.
Her kan vi også måtte gjere andre tiltak for å halde ein jamnt låg vasstand gjennom vinteren. I praksis kan det bety slisse/utsparing nær eller på demninga. Det kan også vere ei 3-4 meter djup grøft for å leie vekk vatn. Dette vil i så fall bli utbetra neste år.
Strokevatnet/Bigtonvatnet
Senking av vasstanden er eit nødvendig tiltak på kort sikt. På lengre sikt vil vi sjå på om vi må gjere andre tiiltak for å auke stabiliteten på dammen.
For Strokevatnet/Bigtonvatnet er planen å halde vasstanden 3,1 meter under høgaste regulerte vasstand gjennom vinteren.
Her kan vi også måtte gjere andre tiltak for å halde ein jamnt låg vasstand gjennom vinteren. I praksis kan det bety slisse/utsparing nær eller på demninga. Dette vil i så fall bli utbetra neste år.