Miljøengasjement i Fagerlia barnehage

I Fagerlia barnehage lærer borna tidleg om miljø, kjeldesortering og berekraft. Her fortel fire engasjerte femåringar  kvifor det er viktig, og korleis dei bidrar i kvardagen.

Gutt som legger et bananskall på sorteringssymbolet "matavfall" - Klikk for stort bileteSnorre som sorterer matavfallet på sin plass.

Barnehagen arbeidar med miljøfyrtårn og er nettopp vorte resertifisert. Femåringane Noah, Snorre, Emma og Marius fortalte oss at de ofte hjelper til med sortering både inne og ute. Dei veit at riktig sortering bidrar til å redusere unødvendig avfall å gje nytt liv til materialar. Barna fortalte og at dei hadde lært at feil sortering kan skape problem, eksempelvis om plast leggast i matavfall eller batteri hamnar i feil dunk.

–  Ein kan ikkje berre kaste batteri, for det kan vere brannfarleg, kjem det frå Noah.

Det viser at borna har fått ein forståing for alvoret.

Verdas framtid kjeldesorterer

Femåringane går sitt siste år i Fagerlia barnehage og er med i friluftsliv gruppa, noko som gjer at dei brukar mykje tid ute i naturen. Der lærar dei mykje om kvifor det er viktig å ta vare på  naturen og kva det vil seie for jorda og deira framtid.

– Om ikkje vi gjer det riktig kan ting bli øydelagt eller ikkje bli så fint, kjem det frå Emma.

Dei fortel alle engasjert at dei kan kjeldesortere og er stolt over at dei har 4-5 ulike avfallssorteringsbøtter heime. Samt at det er fokus på å sortere flasker, annet avfall og farleg avfall for seg sjølve.

Lærar gjennom leik og praksis

For å gjere det enklast for borna å delta, fekk dei sjå plakatar av resirkuleringssymbol slik dei kunne peike og snakke om dei ulike typane.

–  Kvar trur dykk ein tom yoghurt bok skal kastast?  

– Plast! ropar Snorre.

Vidare i leiken klarar dei å sortere nesten alt bosset utan feil. Det er flott å sjå kor flinke dei er!

Enkle grep med stor effekt

Læremetodane og miljøfyrtårntiltaka har vore effektive og det  kom raskt fram at borna synast det var enkelt og kjeldesortere. Ved spørsmålet om dei synast det er lett å sortere søppel seie alle fire omtrent i kor

– Lett! ropar Emma og fortel om søstera på 1 år som også er klar over at ho skal sortere riktig, og at ho hiv riktig i matavfallet. Marius fortel at det er ikkje langt til søppelet og at det dermed er lett å sortere. Dette tyder på at både Fagerlia barnehage og i heimen hans er det vorte tilgjengeleg og enkelt for han kjeldesortere.

– Det er lett å sjå kvar bosset skal, kjem det frå  Marius.

Kjeldesortering er blitt tilgjengeleg, enkelt og morosamt for borna! Tiltaka er ikkje alltid så store, men dei kan ha ein stor effekt på nåtid og framtida til jorda.