Milepæl for Kulturhavna og Sørsida

Møre og Romsdal fylkeskommune (MRFK) og Ålesund kommune (ÅK) har inngått avtale om at dei saman kjøper Sørsida Eiendomsselskap frå Sørsida Utvikling (SUAS). I dette eigedomsselskapet ligg tomta som i reguleringsplanen blir kalla C1. 

Foto av Sørsida med bygninger og illustrasjon av bygninger.   - Klikk for stort bileteSørsida foto og illustrasjon, Jaja Architects Jaja Architects


Formålet med kjøpet er at MRFK/ÅK ønskjer å bidra aktivt til utvikling av Kulturhavna med etablering av vidaregåande skule for estetiske fag, lokale til Teatret Vårt og Ålesund kulturskule. Andre funksjonar som eit eventuelt nytt bibliotek i Ålesund vil også leggjast til Kulturhavna. Saman med aktivitetar, organisasjonar og kunstnarkollektiv som ligg der i dag, vil Kulturhavna bli ein samlingsstad og møteplass for kunst- og kulturinteresserte lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. 
 
Eigedommen er regulert til 15 935 kvadratmeter og MRFK/ÅK har forplikta seg til å realisere prosjektet i løpet av fem år med overtaking januar 2024. I tillegg til kjøpesummen skal MRFK/ÅK også skal bidra med sin del av infrastrukturkostnadene for Sørsida. 

I tillegg til tomtesalet av C1 inngår Sørsida Utvikling, Møre og Romsdal fylkeskommune og Ålesund kommune ein samarbeidsavtale som gjeld både utbyggingsfelt C1 og C2. Begge desse felta er ein del av Kulturhavna, og det er naturleg å sjå på desse i samanheng når ein planlegg vidare. Her vil partane sjå på mellom anna sambruk av scene og andre funksjonar. Dette samarbeidet vil få ein eigen prosjektorganisasjon der andre aktørar vil inviterast inn. 

Styreleiar i Sørsida Utvikling AS, Eva Hagen, seier dette:
 

Kvinne som smiler mot kamera - Klikk for stort bileteEva Hagen, styreleiar i Sørsida Utvikling AS Advokatfirmaet Ræder

-Eg er svært glad for at forhandlingane med kommunen og fylkeskommunen no har landet i både ein salsavtale og ein avtale om eit samarbeid om Kulturhavna. Samarbeidet er viktig for å få samspel og sambruk mellom ulike funksjonar i Kulturhavna.  Med dette tek vi også eit stort steg for utviklinga – fordi etablering av ein vidaregåande skule og nye lokale for både Teatret Vårt og Kulturskolen i Ålesund har vore ein grunnstein i planlegginga av Sørsida.


Også kommunedirektør i Ålesund kommune er godt fornøgd med avtalen: 

- Eg er glad for at vi no har vorte samde saman med MRFK om ein kjøpsavtale av Sørsida Eiendomsselskap frå Sørsida

Mann som står ute. - Klikk for stort bileteJon Steven Hasseldal, kommunedirektør Ålesund kommune

Utvikling. Det er ein viktig milepæl i utviklinga av kulturhamna og Sørsida, seier kommunedirektør i Ålesund kommune, Steven Hasseldal. 

Bygg- og eigedomssjef Per Olaf Brekkan seier at «Vi er svært nøgd med å ha fått landet avtalen kor vi no saman skal utvikle Kulturhamna til eit kraftsenter innan kultur, byutvikling og berekraft» 

Dei ferdige forhandla avtalane skal leggjast fram for fylkestinget og kommunestyret for godkjenning. 

Forhandlingane har vore prega av eit felles ønske frå alle partar om å bidra til berekraftig og god byutvikling i Ålesund.