Kort fortalt
Prosjektet prøvde ut ny metode med QR-kode for å få mange innspel om kva folk ønska seg i byromma. Dette resulterte i 330 innspel og 1540 besøkende på nettsida. Eldste deltakar i skjemaet var 76 år, medan den yngste berre var 5 år. I snitt var innspelarane 38 år. Dei fleste innspela var konstruktive, medan 3,2% av innspela var kritiske.
Byromsprosjektet har valt å ha ein lang og vid medverknadsprosess, for å nå ut til flest mogleg og særleg barn, unge og eldre. Tradisjonelt har medverknad skjedd med folkemøte, og då har det typisk vore få og dei same menneska som møte kvar gang.
– Vi har lært at vi ikkje treff bebuarane med folkemøter og liknande. For å nå barn og unge, og folk flest i dag, så må medverknaden skje på lågterskelnivå, og det må ta kort tid og vere lett. For nokre brukargrupper er eit fysisk lite møte likevel det som passar best, fortel prosjektleiar Linda Fiskerstrand Sperre
Prosjektet ønskte å bruke QR-kode som kan leie folk inn på ei nettside raskt og enkelt, og QR-koden måtte vere lett tilgjengeleg. Kommunen valde bistand frå eit Oslobasert firma, Travers, som har dette som ekspertise. Dei designa nettsida for innspel og skilta, medan det lokale firmaet Rebellhuset laga skiltstativa. Skilta vart plasserte i dei aktuelle byromma slik at alle som gjekk i byromma møtte skiltet og fekk tak i informasjonen. Nettsida og skilta hadde også engelsk versjon for å inkludere turistar, innvandrarar, flyktningar mm.
QR-koden var aktiv mellom 29. juni og 10. Oktober, og det er kome inn imponerande mange innspel frå innbyggarar i alle aldrar.
Spørsmåla som innbyggjarane svarte på var:
- “Kva kunne du tenkje deg i dette byrommet?”
- ”Kva er din favorittstad i byen? Kvifor er det fint?”
Av totalt 1540 besøkande på nettsida, var det 339 innbyggarar som kom med sine innspel. Eldste deltakar i skjemaet var 76 år, medan den yngste berre var 5 år. I snitt var innspelarane 38 år.
Om ein deler deltakarane inn i tre kategoriar, synar dei seg slik:
- 0-25: 34%
- 26-50: 38%
- 51-80: 28%
Dette er tal prosjektleiar Linda er svært nøgd med.
– Her har vi truleg nådd langt fleire yngre og unge vaksne enn vi hadde klart å nå med tradisjonelle metodar. Få har tid til å delta i folkemøte, men dei fleste har tid til å lese av ein QR-kode, eller følgje ei lenke til ein nettstad.
Men kva har folk sagt?
På innspelssida var det moglege å stemme på andre innspel som ein var samde med. Dei mest populære innspela handlar om å skape bilfrie område med avgrensa gateparkering for å fremje uteservering og skape meir fotgjengarvennlege område. Grøne element som tre, blomstrar og buskar blir trekte fram som viktig for å skape vakre byrom. Historiske element som fontener og brustein blir vurderte som viktige for å bevare den historiske sjarmen i byen.
Dei stadane folk likar seg aller best er området rundt byparken og Brosundet, så Skansekaia, Fjellstua, Aksla og Stuen. Grunnane til dette er ulike, men det blir vist til at det er bilfritt, trygt og skjerma for støy, og med gode sittemoglegheiter med fin utsikt på både kort og nær avstand.
Det er ikkje alle som har vore positive, og frå innspela som er kome inn i skjemaet kan ein lese nokre av dei kritiske innvendingane. Nokre er bekymra for pengebruken, andre for endringar i byen som dei meiner vil vere øydeleggande. Likevel er det ikkje meir enn 3,2% av innspela som er kritiske.
Prosjektleiaren synes det er flott å no få vise fram den store mengden konstruktiv tilbakemelding som prosjektet har fått.
– Det er så klart frustrerande å heile tida møte myter og feiloppfatningar, som til dømes at plank og tømmer til trebenkene kosta fleire millionar kroner, når vi veit at dette var prisen på heile prosjektet, som har vore så mykje meir enn benkar. Samstundes ser vi no klart at dei aller fleste innspela vi har fått inn i systemet vårt er konstruktive, og ute etter å gi sitt innspel til korleis byromma skal bli i framtida. Den endelege opparbeidinga er eit arbeid vi ser fram til å ta fatt på no i 2024.
For å få innblikk i prosjektet i sin heilskap kan ein lese meir på prosjektsiden på kommunens nettside. Det kan ein også finne medverknadsrapporten.