Mandag stenger Borgundfjordstien

Vi startar bygginga av ny pumpestasjon ved Åse reinseanlegg. Det betyr at Borgundfjordstien ved reinseanlegget må stengast i nokre veker framover frå 12. mai.

illustrasjon av hus og naust ved åse reinseanlegg - Klikk for stort biletePumpestasjonen er det som kan sjå ut som eit stort naust mellom naustrekka og Åse reinseanlegg.

I samband med bygging av Kongshaugen reinseanlegg skal det byggast ny pumpestasjon ved Åse reinseanlegg.

Når vi no går i gang med det arbeidet, må vi dessverre stenge fjordstien ved Åse reinseanlegg i nokre periodar. I første omgang gjeld dette i innleiande fase der byggegropa skal gravast ut. Då vert det behov for sprenging og anleggsarbeid tett opp til fjordstien.   

Dette arbeidet startar mandag 12. mai og vil vare i fire til fem veker. Dersom vi blir ferdige med arbeidet før, så opnar fjordstien også før.

Det vil også kome arbeid seinare i byggefasen som gjer at vi vil måtte stenge stien i kortare periodar. Mot slutten av etableringa må vi krysse fjordstien med grøft og rør som skal ut i sjøen. 

Vi kjem tilbake med meir informasjon etter kvart om kva tid det blir og kor lenge stien blir stengt i desse periodane. 

Har du spørsmål eller treng å kome i kontakt med byggeleiar, kan du ringe 98 62 30 34.

Meir informasjon om prosjektet finn du på prosjektsida til BLÅ fjordar. 

Åse pumpestasjon

Pumpestasjonen på Åse er den andre pumpestasjonen som er sett i gang på overføringsanlegget til Kongshaugen reinseanlegg. Den første er stasjonen i Breivika. 

Når Åse pumpestasjon er ferdig, skal vi avvikle drifta av Åse reinseanlegg og avslutte utslepp av avløpsvatn med lav reinsegrad. 

Pumpestasjonen blir som eit toetasjes bygg på til saman 370m2. Det skal ligge på austsida av reinseanlegget. Det er valt ein byggeskikk som står i stil med husa og nausta i området. I tillegg til bygging av pumpestasjon ligg det også i planane at det skal leggast til rette og stellast i stand rundt pumpestasjonen, for å bevare kvalitetane i området ved fjordstien.

Arbeidstid

Byggearbeida skal pågå i ordinær arbeidstid og støyande  aktivitetar er avgrensa til tidsromet mellom klokka 9 og 15. 

Bygging av sjølve stasjonen startar etter sommaren og skal halde fram til ut på våren 2026. Deretter kjem ein periode der ein monterer pumper og teknikk inne i huset. Pumpestasjonen skal etter planen vere klar til drift i desember 2026

Pumpestasjonen blir etablert på kommunal grunn og arbeidet skal ikkje vere til hinder for trafikken på Borgundfjordvegen.

landskap med byggjerde rundt hus - Klikk for stort bilete