Lekkasje-arbeidet i Parkgata held fram

Det er lekkasje på fjernvarmenettet i Parkgata. Det er utfordrande å få ordna dette og arbeidet vil pågå ei tid framover. Det er høg varme i grøfta og vi ber folk vere forsiktige. 

gravearbeid i sentrumsgate - Klikk for stort bilete

 

Fredag 21. juni vart det oppdaga lekkasje på fjernvarmenettet i Parkgata. 

Tafjord kraftvarme melder at det er utfordrande å utbetre lekkasjen. Det vil bli jobba med dette ei tid framover, men det er ikkje planlagt nattarbeid.

Det er fortsatt høg varme i grøfta, noko som også viser igjen som damp frå grøfta.  Vi ber folk respektere sikringane og ikkje ta seg inn på området.