Learningsociety.net – staden for FN-analysar

Har du lyst til å sjå kor berekraftig og smart Ålesundsregionen er, samanlikna med andre? Sjå resultata får FN-analysene for dei norske byane som er med i Bærekraftsnettverketr på nettsida learningsociety.net.

 

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

I samarbeid med FNs globale program for smart og berekraftig byutvikling, United for Smart and Sustainable Cities (U4SSC) har mange norske kommunar starta arbeidet med å evaluere korleis dei ligg an når det gjeld berekraftig utvikling. Funna frå evalueringa gir eit unikt utgangspunkt for å sjå på kvar det er potensiale for å bli meir berekraftig. Som resultat av evalueringa, vil kommunane vere i stand til å flytte ressursar frå stader med lite påverknad på berekrafta, til stader der ressursane har større nytte.

Bærekraftsnettverket

Bærekraftsnettverket består av kommunar som har gjennomført evalueringa. Det er per i dag Asker, Bærum, Trondheim, Rana, Ålesund, Bodø, Haugesund, Karmøy, Kristiansand, Kristiansund, Molde og Stavanger. I tillegg er fylkeskommunane Viken, Trøndelag og Møre og Romsdal ein del av nettverket. Møre og Romsdal er landets første berekraftsfylke og fylket si satsing skal omfatte ei evaluering av alle kommunane i fylket.

FNs berekraftmål gir ei felles, overordna retning for samfunnsutviklinga for å oppnå sosial, økonomisk og miljømessig berekraft. Arbeidet i Bærekraftsnettverket vil komme til syne i form av lokale utviklingsprosjekt, involvering av innbyggarane, samarbeid med næringslivet og lokale prioriteringar som set sosial, økonomisk og miljømessig berekraft høgare på dagsordenen.
Berekraft må bety noko der vi bur, og for korleis vi lever liva våre.

Rapportering for framtida – FNs KPI-analyse

KPI står for det engelske key performance indicator og kan omsetjast til viktige nøkkeltal. U4SSC har saman med 15 andre FN-organisasjonar utarbeidd eit sett med nøkkeltal som gjer at byar kan måle kor smarte og berekraftige dei er. Gjennom U4SSC-nettverket, kan dei som er med, lære av dei som er betre og lære bort det dei sjølv gjer bra.

Det er 92 samfunnsområde som er med i KPI-analysen. Utgangspunktet for nøkkeltala , er FNs berekraftsmål. Områda som blir kartlagte er alt frå vatn, energi, bygg, sikkerheit, helse, innovasjon og utdanning. Digitalisering kryssar alle områda.

No er det rundt 100 byar frå heile verda som har fått gjort analysen. I Noreg er det 12 kommunar som har gjennomført analysen, men 25 nye er på gang.
Du finn resultata på nettsida learningsociety.net. Der finn du også ei samansett KPI-analyse for Noreg basert på resultata frå byane som har gjennomført analysen.

Ålesundsregionen - som er noverande Ålesund kommune, Sula og Giske,  var første region i Noreg som gjennomførte KPI-analysen. Du finn den her.

Les meir om kommunanes satsing på berekraft på KS sine nettsider.