
Dei store vassleidninga som låg på overflata av Brusdalsvatnet og som var seinka ned i vinter, skal no koplast på råvasspumpestasjonen i ein operasjon som krev ekstra merksemd og tiltak.
Arbeidet er risikofylt både for dei personane som skal gjere jobben og for drikkevasskjelda. Det er difor mellom anna gjort ein miljørisikoanalyse der dei ulike entreprenørane, prosjektleiinga og representantar frå vassverket har deltatt. Miljørisikoen peiker på fleire tiltak som no vert sett i verk, både organisatoriske som kontroll og varslingsrutinar og fysiske tiltak som dobbel siltgardin, prøvetaking og dagleg sjekk av båtar og maskineri.
Grøft i vatnet og hol i «spunten»
For å få vassleidninga inn til råvasspumpestasjonen, må det skjærast hol i «spunten». Spunten er ein slags vegg som er sett ned under bakken, for å hindre lekkasje frå Brusdalsvatnet og inn i tomta til råvasspumpestasjonen. Men, no må ein skjære hol i denne veggen for å få leidningane inn i pumpestasjonen. Dette arbeidet blir gjort mellom anna med dykkarar og det vil bli dykkeaktivitet i vatnet i fleire dagar.
Det blir kontrollert oppfylling av vatn i byggegropa før ein skjær hol i spunten. I tillegg må siltgardinene delvis opnast for å få inn leidningane og det må også gravast grøfter i botnen på Brusdalsvatnet der leidningane skal ligge.
Dette kan gjere at vatn med høg turbiditet (opprørt, grumsete vatn) kan kome ut i Brusdalsvatnet. I dei risikoførebyggande tiltaka er det difor lagt vekt på god dialog med vassverket slik at dei eventuelt kan sett i verk tiltak, for å sikre at innbyggarane fortsatt får reint og trygt drikkevatn. Vi har også svært gode erfaringar med siltgardinene si evne til å hindre partiklane i sive ut i vatnet.
Oppstart komande veke
Før samankoplinga av leidningane, vil det vere førebuande arbeid og det kan bli aktivitet som opprigging, etablering av grøft på og ved vatnet allereie frå komande veke (veke 39).
Akkurat under den mest kritiske fasen av arbeidet, kan det bli arbeid utover oppgitt arbeidstid, for å sikre at jobben blir gjort som planlagt slik at både arbeidarane og drikkevatnet er trygge. Framdrifta er avhengig av godt og lagleg ver.
Meir om Fremmerholen vassbehandlingsanlegg finn du her.