Kontrakt på sjøleidningar i Brusdalsvatnet

Kontrakt på mellom anna 4700 meter nye leidningar i Brusdalsvatnet til det nye vassbehandlingsanlegget i Fremmerholen er inngått.

Fem personar i strandkanten ved eit vatn - Klikk for stort bileteAnleggsleiar Geir Fjære, anleggsleiar Per Even Myra Evensen og dagleg leiar Anders Larsen Melfald frå Telemark Seaworx saman med byggeleiar overføringsnett Trygve Wigestrand Årsvold og prosjektleiar Marthe Therese Strømme frå Ålesund kommune i området der dei nye sjøleidningane frå Brusdalsvatnet og til Fremmerholen vassbehandlingsanlegg skal gå.

 

I samband med nytt vassbehandlingsanlegg i Fremmerholen, skal det leggast nye inntaksleidningar i Brusdalsvatnet i tillegg til omkopling av eksisterande leidningar.

Kontrakten på nesten 30 millionar kroner gjekk til Telemark SeaWorx.

Spesiell del av prosjektet

Prosjektleiar for Fremmerholen vassbehandlingsanlegg, Marthe Therese Strømme, seier arbeidet med sjøleidningar i Brusdalsvatnet er ein utfordrande og spesiell del av byggeprosjektet. 

-    Å arbeide i ei drikkevasskjelde stiller store krav til entreprenøren og det er mange forholdsreglar som må takast. Vi er difor godt fornøgde med at kontrakten gjekk til ein entreprenør med solid erfaring frå slikt arbeid.

Arbeidet med sjøleidningar er planlagt å starte hausten 2024 og det vil bli mykje aktivitet på vatnet med dykkarar, båtar og anna utstyr. 

Ta vare på drikkevasskjelda

Telemark SeaWorx har base i Langesund, men har oppdrag med sjøleidningar og dykkarprosjekt over heile landet, spesielt innan vatn og avløpsarbeid.

Dagleg leiar i Telemark SeaWorx, Anders L. Melfald, seier dei er glade for kontrakten og klar for utfordringa. 

-    Vi veit at vi skal jobbe i det som er drikkevatnet til nesten halve Sunnmøres befolkning. Det gjer at vi må vere svært nøye og forsiktige, og vi vil ta i bruk all vår erfaring for å få dette til. 

FAKTA Fremmerholen vassbehandlingsanlegg

  • Vassbehandlingsanlegg, pumpestasjon og overføringsleidningar for å sikre reint vatn til nesten 70.000 innbyggar i Ålesund, Sula og reservevatn i Giske.
  • To bygg i Brusdalsvegen med prosessanlegg og reintvassanlegg. Pumpestasjon ved Rødsetvegen.
  • Planlagt drift av anlegget er hausten 2026


 

Natur, vatn og strandkant - Klikk for stort bilete
Illustrasjon Fremmerholen vassbehandlingsanlegg - Klikk for stort bilete
Illustrasjon Fremmerholen vassbehandlingsanlegg - Klikk for stort bilete
Illustrasjon Fremmerholen vassbehandlingsanlegg - Klikk for stort bilete
Illustrasjon Fremmerholen vassbehandlingsanlegg - Klikk for stort bilete
vatn med symjande and - Klikk for stort bilete