Sverre Blindheim frå Elio, Tor Gjerrestad og Stina Lillevik frå Vatn og avløp i Ålesund i samband med kontraktsarbeidet. Det nye systemet vil gjere det enklare å sette inn tiltak der dei gir mest effekt i arbeidet med å gi reint vatn til folk og fjord, og gi store innsparingar ved optimalisert drift av anlegga.
Elio AS er, med kontor i Ålesund og Ørsta, ein lokal leverandør av innovativ teknologi som har tilsette som har fleire tiårs erfaring frå maritim, maskin- og prosessindustri. Saman skal vi utvikle eit framtidsretta SCADA-system (Supervisory Control and Data Acquisition) basert på Ignition-plattforma. Systemet skal overvake, kontrollere og optimalisere VA-anlegga i kommunen, og samtidig sikre påliteleg drift og rask respons.
Auka kunnskap og effektivitet
Vatn og avløp i Ålesund er allereie mellom dei fremste i landet når det gjeld digitalisering. Eit nytt SCADA-system er eit viktig steg vidare for å utnytte datainnsamling og systematikk betre, slik at ein kan prioritere dagleg innsats og investeringar meir målretta.
Rådgivar i Vatn og avløp, Stina Lillevik, seier dei med samarbeidet med Elio legg grunnlaget for eit framtidsretta system som vil auke effektiviteten.
- Meir kunnskap og data om anlegg og vassmengder, vil forenkle prosessen med å sette i verk tiltak der dei gir mest effekt i arbeidet med å gi reint vatn til folk og fjord. Kommunen vil få store innsparingar ved optimalisert drift av anlegga.
Føregangskommune
Avdelingsingeniør Tor Gjerrestad seier Elio har brei kjennskap til anlegga og behova til Vatn og avløp i Ålesund kommune.
- Elio har lokal tilhøyrsle og djup bransjekunnskap, noko som gjer at vi forventar verdifull innsikt inn i prosjektet og at det nye SCADA-systemet blir ei løysing som ytterlegare set Ålesund på kartet som teknologisk føregangskommune.
Sverre Blindheim, dagleg leiar i Elio AS, seier dei ved å ta i bruk ein moderne og skalerbar plattform som Ignition vil legge til rette for berekraftig og effektiv drift av vatn og avløp.
- Dette prosjektet har stort potensial for å bli ein modell for andre kommunar og aktørar.