Kommunedelinga gjennomført – men framleis arbeid som står igjen

Den tekniske delinga av Ålesund og Haram vart gjennomført 01.01.2024 og dagane deretter.  Det aller meste har gått etter planen, og dei største tenestene er oppe og går på dei aller fleste områda. Ein god del arbeid vil gå langt føre seg inn i 2024.  

Vegskilt med Ålesund og Haram i motsette retningar - Klikk for stort bileteEtter 01.01.24 vert dagens Ålesund kommune avvikla, og erstatta av to nye kommunar. Christina Rasch Haugen

- Eg er veldig fornøgd med at våre tilsette i både Ålesund og Haram har levert eit solid arbeid med kommunedelinga så langt. Mange har stått på i veldig lang tid, og levert ein enorm innsats for at vi skulle komme i mål med det vi måtte levere innan 01.01.2024. Det er veldig mange ting som er avhengig av kvarandre for at alt skal fungere etter planen.  Og sjølv om det er eit nytt år, er ikkje prosjektet med kommunedeling ferdig enno, seier kommunedirektør Jon Steven Hasseldal i Ålesund kommune.  

Arbeid med kommunedeling også i 2024

Tenestene i begge kommunen er oppe og fungerer stort sett som dei skal. Det er nokre få driftsforstyrringar som blir løyste fortløpande. Det er også pågåande omlegging av ein del fagsystem no i januar.  Sjølv om den tekniske delinga er gjennomført vil begge kommunane jobbe med kommunedeling ei god stund ut i 2024. Det er mykje etterarbeid i dei prosessane som må til for å komme i mål.