Kan Helsefellesskapet bidra til meir samarbeid om pasientane?

I november 2023 var alle leiarane innan helse i Møre og Romsdal samla under same tak, med representantar både frå kommunane og sjukehusa. Kvifor det?  

To menn side om side ved et bord - Klikk for stort bileteKommunedirektør Steven Hasseldal og administrerende direktør i Helse Møre og Romsdal Olav Lødemel Jon Åge Giske

Verda er i stadig endring og utvikling. Utviklinga har lenge gått i retning «meir» og «betre», men det er ikkje klart at dette er ei retning som vil vere berekraftig i framtida også. Stadig fleire arbeider innan helse- og omsorgstenester, heile 15,5% av den norske arbeidsstokken (2021), og vi er det landet med størst del helse- og omsorgsarbeidarar sett opp mot befolkning i EU/EØS.  

Likevel er det allereie i dag mangel på folk, og mangelen vil bli større. Denne mangelen heng saman med stadig fleire eldre- og andre pleietrengande, at mengda arbeidsføre som gir skatteinntekter vil gå ned og at det ikkje er nok nye helse- og omsorgsarbeidarar til å kompensere for alle som går ut av arbeidslivet.  

Kva er løysinga?  

Det er altså vanskeleg å tenke seg at ein kan løyse desse utfordringane med å bruke meir pengar, med færre skattebetalarar. Det ser heller ikkje ut til at ein kan løyse det med meir folk, når stadig færre er i arbeidsstokken. Korleis skal ein då løyse det?  

Ein av løysingane ligg i å samordne dei kreftene vi har. Dette er noko av bakgrunnen for at det vart oppretta 19 helsefellesskap i 2020. Desse fellesskapa skal vere arena for både kommune- og spesialisthelsetenestene, der dei saman skal finne fram til gode og heilskaplege pasientforløp og løysingar for kompetansedeling mellom kommunar og sjukehus. Helsefellesskapa har eit særskilt oppdrag om å prioritere gruppene:

  • barn og unge
  • alvorlig psykisk syke
  • pasienter med flere kroniske lidelser
  • skrøpelige eldre

Samtidig er det meir enn konkrete tiltak som kjem ut av å samlast på denne måten. Ved å samlast som region i eit fellesskap, med felles utfordringar og felles brukargruppe, kan ein gjennom tilrettelagd dialog i slike møte knytte tettare band som kjem pasienten til nytte?  

Større utfordringar framover  

Helsefellesskapet er delt opp i tre nivå.  

  • Eit partnarskapsmøte i topp, med politisk og administrativ toppleiing i kommunar og helseføretak som saman forankrar retning for samarbeidet.  
  • Strategisk samarbeidsutval med administrativ og fagleg leiing i kommunar og helseføretak som utviklar felles strategiar og handlingsplanar, og som handterer saker som kjem opp på løypande basis.  
  • Faglege samarbeidsutval som utviklar og samordnar prosedyrar og tenestemodellar.  

I november var nettopp partnarskapsmøtet som var samla i Ålesund med representantar frå alle tre nivåa. Helsetoppar frå heile fylket var til stades. Kommunedirektørar, ordførarar, helsesjefar og fagpersonar frå kommunar og sjukehus, alle i same rom med mål om å finne ein felles agenda.  

På scena innleia Magne Lerø, redaktør og samfunnsdebattant med temaet Gir kunnskap eller pengar ny helsepolitikk?, og om helsefellesskapet si rolle i dette.  

– Helsepolitikk er komplisert fordi det skal styres frå staten, og så skal kommunane og sjukehusa samarbeide lokalt. Samhandling mellom desse er heilt nødvendig, men det er vanskeleg når både sjukehusa og kommunane opplever at dei har for få ressursar.  

Lerø meiner at utfordringane ein står ovenfor innen helse kun vert større framover. Det er behov for ein ny modell for korleis sjukehus og kommunar skal samhandle, fordi det i framtida vil bli så mange fleire eldre som kjem til å trenge behandling. Alle desse kan ikkje få plass på sjukehusa.  

– I framtida må kommunane få større ansvar for helse. Det betyr at kommunen må få meir ressursar og dei må bygge ut kapasitet til å handtere dei som sjukehusa ikkje skal behandle, men som er for sjuke til at dei kan bu heime.  

Betre samhandling – til gode for pasientane  

I løpet av arrangementet fekk deltakarane høyre om fleire interessante tematikkar. Blant desse var utfordringane knytt til sikkerheitspsykiatri, der Kjetil Leirbekk, assisterande kommunedirektør Averøy kommune og Andreas Foss Follesø, seksjonsleiar sikkerheitspsykiatri Ålesund sjukehus ga sine perspektiv på samhandlinga mellom kommunar og spesialisthelseteneste.  

To menn side om side i en restaurant - Klikk for stort bileteKjetil Leirbekk, assisterande kommunedirektør Averøy kommune og Andreas Foss Follesø, seksjonsleiar sikkerheitspsykiatri Ålesund sjukehus Jon Åge Giske

Dette er eit døme på tilbod som særleg små kommunar kan slite med å bygge opp, men som kanskje ikkje kan prioriterast bort. Her kan det vere aktuelt å prøve å finne betre løysningar for korleis ein kan samarbeide på tvers av kommunegrenser om slike tiltak.  

Slike tilfelle er vedvarande og aukande utfordringar, og å få løfta det opp i ein arena som Helsefellesskapet er då viktig for å saman kunne finne ei løysing for framtida og på tvers av kommune- og sektorgrenser.  

Kommunedirektør i Ålesund, Steven Hasseldal, er klar på at å møtast på denne måten er viktig, fordi man her kan snakke om felles utfordringar.  

– Vi har eit felles ansvar for pasientforløpet mellom primærhelsetenestene og spesialisthelsetenestene, og godt samarbeid er utruleg viktig for at pasientane skal oppleve korte prosessar og ikkje sitte fast i systemet.  

Olav Lødemel, som er ny som administrerande direktør for Helse Møre og Romsdal er også opptatt av at ein må finne gode delte løysingar i fellesskap.  

– Det er pasienten det handlar om, og pasienten vil gjerne ha eit tilbod og eit forløp der dei slepp å tenke over kven som har ansvaret for det.