Innstilt entreprenør til E136 Breivika-Lerstad

NCC Norge AS har vunnet anbudskonkurransen om å bygge det største prosjektet i Bypakke Ålesund. 

Bilde av arbeidsområdet til den nye Lerstadtunnelen - Klikk for stort bileteForarbeidet til Lerstadtunnelen er ferdig. I starten av 2024 sett Bypakke Ålesund i gang sjølve arbeidet med den nye tunnelen. Statens vegvesen

Entreprenørselskapet var ein av fire leverandørar som etter prekvalifisering fekk invitasjon til å levere tilbod på oppdraget, og det var NCC som hadde best forhold mellom pris og kvalitet.

Eg er nøgd med konkurransen som starta allereie i mai. Det er ein lang og grundig prosess vi har vore gjennom med tilbyderne. Etter forhandlingsrunden er det NCC Norge som har levert det beste tilbodet, seier Ole Kristian Birkeland, prosjektleiar i Statens vegvesen.

NCC Norge AS er innstilt som vinnar av anbudskonkurransen med ein tilbodssum på ca. 1,48 milliarder kroner eks. mva. Prisnivået på tilboda som kom inn var omtrent som Statens vegvesen hadde forventa for denne entreprisa.

Tilbyderne hadde følgande tilbodssummar (eks. mva):

RangeringEntreprenørTilbodssum
 1NCC Norge AS1 477 964 737,15,-
 2JV Implenia Norge AS Allgrunn AS1 662 123 302,59,-
 3AF Gruppen Norge AS1 705 338 531,67,-

Klagefristen for tilbyderne er 22. desember. Dersom det ikkje kjem inn klagar på anskaffelsen, vil Statens vegvesen signere kontrakt med NCC Norge AS etter at denne fristen har gått ut.

Det største prosjektet i Bypakke Ålesund

Med dette tilbodet er vi innanfor styringsramma for prosjektet som er på 2,6 mrd.kr (2023 kr). Her er alle kostnadar med (også MVA). Styringsramma er auka med over 500 millionar kroner sidan Stortinget vedtok Bypakke Ålesund i 2021 pga. den kraftige prisstigninga i anleggsmarkedet. 
Den nye vegen vil i hovudsak gå i ein tunnel på 2,6 kilometer, og vil avlaste dagens Lerstadveg og E136 gjennom bydelane Moa og Åse. Det blir nytt toplanskryss i vest. Når tunnelen er åpna vil det bli bygd ny gang- og sykkelveg på heile strekningen. Det blir siste entreprise i prosjektet.
Prosjektet vil gi eit stort løft for bydel Lerstad og Åse. Gjennomgangstrafikken blir flytta vekk frå nærmiljøet, og ny gang- og sykkelveg gjer det tryggere å bevege seg i området.

Anleggstart blir i februar/mars – meir informasjon vil kome i god tid før det. Det vil også bli eit informasjonsmøte før oppstart.

Oversiktsbilde over kvar Lerstadtunnelen skal gå.  - Klikk for stort bileteHer vil den nye Lerstadtunnelen gå. Den skal stå ferdig i 2027. Statens vegvesen

Les meir om prosjektet her

Video av nye 136 Breivika-Lerstad

Illustrasjon av det nye Lerstadkrysset. Illustrasjon av Statens vegvesen