Innovasjon og teknologi på timeplanen

Havforsking og livet under vatn er tema for årets FIRST LEGO League. 24 lag i regionen vår, for det meste 7.klassar, er no i full sving med å programmere robotar og finne innovative løysingar.

Barn som konkurrerer med robot og mange tilskodarar - Klikk for stort bileteArrangementsbilete frå FIRST® LEGO® League 2021 på NMK Marcus Kvitne Bere

FIRST® LEGO® League er verdas største kunnskaps- og teknologikonkurranse for barn og unge i alderen 10 - 16 år. Den har som mål å inspirere dei til å bli morgondagens ingeniørar, forskarar og problemløysarar.

I Ålesundsskolen er dette ei satsning for 7. trinn, men turneringa er også open for fleire alderstrinn. I vår region deltek 21 lag frå kommunane Ålesund, Giske, Sula og Haram. 

Det er Newton Møre som har prosjekt- og fagansvar for turneringa.

Vi jobbar aktivt med korleis ein best kan gjennomføre dette som ein del av undervisninga i skulane. Gjennom prosjektperioden er Newton-rommet ein ressurs for lærarane, både gjennom kursing og samlingar, og dessutan kontaktpunkt for spørsmål og hjelp, fortel leiar på Newton Møre, Bjørn Endre Helgesen.

“Submerged”

Kvart år får deltakarane eit nytt tema, som dei må løyse ulike oppgåver knytt til. Tema for dette skoleåret «Submerged» vart gjort kjent i april, så mange er i gang med førebuingane. Mellom anna har laga hatt inspirasjonsdag på Atlanterhavsparken med hav som tema.

Laurdag 14. september blei sjølve oppdraget sleppt:

Utfordringa deira i denne prosjektperioden er å dykke ned i eit problem som folk som utforskar verdshava, står overfor. 

Dermed gikk startskuddet for konkurransen. No er det åtte veker med innovasjon, teknologi, samhald, meistring og moro på timeplanen for deltakarane. Og så blir det alvor i november, då alle laga møtast til finale. 

Robot og innovasjonsprosjekt

Dei to hovedelementa i konkurransen består av ein robotdel og eit innovasjonsprosjekt. Dei skal bygge og programmere ein Lego-robot slik at den kan løyse gitte oppgåver. I ein robotkonkurranse på finaledagen får dei poeng for kor mange oppgåver dei løyser innanfor ei gitt tid. 

Vidare skal dei forske på årets tema, finne ei innovativ løysing på eit problem. Dette innovasjonsprosjektet skal dei presentere for dommarar og promotere på ein stand på finaledagen. 

I tillegg må dei vise at dei følger  FIRST LEGO League sine kjerneverdiar, som handlar om samarbeid, innovasjon, respekt og moro.

Internasjonal konkurranse

Den regional finalen, som er eit storslått arrangement som trekk mange publikummarar i tillegg til alle deltakarane, blir arrangert på NMK lørdag 9. november.  Dei som vinner 1. og 2. plass i denne konkurransen går vidare til den Skandinaviske finalen. 

- Gjennom dei seks åra vi har arrangert FIRST LEGO League i Ålesund med Newton Møre som prosjektleiarar med fag- og rekrutteringsansvar, har over 200 klassar deltatt i turneringa. Turneringa har ikkje berre vore ein suksess i talet på elevar og lag som har fått deltatt, men vi har også vist at Ålesundsskolane verkeleg kan hevda seg både på skandinavisk nivå, og på internasjonalt nivå. 

- Forrige sesong hadde vi heile to lag som utmerkte seg spesielt på internasjonalt nivå, med lag frå Hessa som gjekk heilt til topps i den Skandinaviske finalen, og gjekk vidare til verdsfinalen i Houston. I tillegg vart Tennfjorden saman med laget frå Hessa invitert delta i Open European Championship i Bodø, noko som gjorde at av totalt fem norske lag i europafinalen, var to av dei frå Ålesund, fortel Bjørn Endre Helgesen.

Gruppebilde av elever - Klikk for stort bileteElevene frå Hessa fekk eit annerledes og spanande skoleår i fjor på grunn av FIRST LEGO League. Dei kom seg mellom anna til verdsfinalen i Houston, takka være iherdig stå-på-vilje, dugnader, støtte frå lokalsamfunn og ei lang rekke sponsorar.

Vil du vite meir? 

Les meir om FIRST LEGO League i Ålesund

Les meir om  FIRST LEGO League på nettsida Hjernekraft

Besøk nettsida til Newton Møre