Kva er FIRST LEGO League?
FIRST® LEGO® League er verdas største kunnskaps- og teknologikonkurranse for barn og unge. Den har som mål å inspirere dei til å bli morgondagens ingeniørar, forskarar og problemløysarar.
Kvart år får deltakarane eit nytt tema, som dei må løyse ulike oppgåver knytt til. Dei må bygge og programmere ein Lego-robot som kan utføre oppgåver, og dessutan presentere eit forskingsprosjekt om temaet. I tillegg må dei vise at dei følger First Lego League sine kjerneverdiar, som handlar om samarbeid, innovasjon, respekt og moro.
Laga skal så vise fram arbeidet sitt i ein finale og møte andre lag som jobbar med same tema.
På sjølve finaledagen er det ein robotkonkurranse. I tillegg skal laga også promotere prosjektet sitt med ein stand, og dei må presentere prosjektet for dommarar.
Her kan du lese meir om First Lego League
FIRST LEGO League i Ålesund
I Ålesund blir det kvar haust arrangert regional turnering for alderskategorien 10 - 16 år, der alle skolane i Ålesundsregionen blir invitert til å delta.
I Ålesundsskolen er dette ei satsning for 7. trinn, men turneringa er også open for fleire alderstrinn.
Elevane jobbar saman som lag i 8 - 10 veker kvar haust, fram til ein regional finale i starten av november. Vinnaren av denne går vidare til den skandinaviske finalen.
FIRST LEGO League i Ålesund blir arrangert av Newton Møre.